Hjelp til dei som opplever vald i nære relasjonar

Mange opplever vald i nære relasjonar. Veit du kva du kan gjere om du mistenker at nokon ikkje har det greitt heime?

 

Lene Bjåstad og Cecilie Rønstad Teunissen - Klikk for stort bileteLene Bjåstad og Cecilie Rønstad Teunissen Jon Henriksen

- 75 barn budde på krisesenteret vårt i 2020. Året før var det 35. Det fortel Cecilie Rønstad Teunissen, som er leiar ved Krisesenter for Sunnmøre. - Ingen andre år det har vore så mange hos oss, og det ser ut til å bli mange i år óg.

- Dette treng ikkje berre skuldast korona. Men i tida med korona har mykje av livet gått føre seg innanfor dei fire veggene i huset. Med mykje usikkerheit, stressa økonomi, usikre arbeidsplassar, heimekontor, heimeskole og lite samvær med andre er nok utfordringane store for dei som hadde det litt vanskeleg frå før.

Kva er vald i nære relasjonar?

Vald er alle handlingar mot ein annan person som skader, smertar, skremmer eller krenkjer og som får denne personen til å gjere noko mot sin vilje eller slutte å gjere noko han vil.

Viss det er nokon du er glad i eller har ein relasjon til, og som du har hatt tillit til, eller kunne forvente å ha tillit til som utset deg for vald, kallar vi det gjerne vald i nær relasjon. Den som utøver valden kan vere tidlegare eller noverande kjærast, sambuar eller ektefelle, søsken, foreldre eller vaksne barn.

Kva kan ein gjere?

Kommunen har eit særleg ansvar for å førebyggje, avdekke og avverje vald og overgrep. Dette krev ei samordning av tenester og samarbeid på tvers av etatar. Dei 13 kommunane på Sunnmøre har no laga ein fagplan, som med utgangspunkt i nasjonale føringar gir felles retning for arbeidet mot vald i nære relasjonar på Sunnmøre.

Sjå handlingsplan mot vald i nære relasjonar. (PDF, 3 MB)

- Handlingsplanen kjem i rett tid. No blir det sett fokus på at det er mange som ikkje har det greitt heime, seier Lene Bjåstad, som er valdskoordinator i Ørsta kommune.

- Vi må tore å sjå dette, vi må tore å spørje. Folk må vite kven dei skal spørje, kor dei kan vende seg når dei mistenker at nokon ikkje har det greitt heime.

I denne planen har dei også laga nokre handlingskort, som gir råd til korleis ein skal gå fram i ulike situasjonar som:

  • Kva gjer du som tilsett, kollega eller venn ved mistanke om vald i nære relasjonar mellom vaksne?
  • Kva gjer du som jobbar med barn, er offentleg tilsett, eller nabo om du mistenker at eit barn er vitne til vald eller blir utsett for vald eller overgrep?
  • Kva gjer du som er tilsett i offentleg verksemd eller i private barnehagar/skular om du mistenker at eit barn eller ein ungdom blir utsett for vald eller overgrep?

Desse handlingskorta kan ein sjå på nettsida til Krisesenter for Sunnmøre. Dei er også utforma som brosjyrar, som skal plasserast ut på mellom anna legekontor.