Her meiner formannskapet at stranddeponiet bør ligge

Ålesund formannskap har innstilt på at eit framtidig deponi for forureina masser i Ålesund skal leggast mellom Meierikaia, Bålholmen og tunellopninga til Ellingsøytunellen.

Foto av Borgundfjorden i Ålesund - Klikk for stort bileteBorgundfjorden i Ålesund

   

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Aspevågen er sterkt forureina av tungmetall og organiske miljøgifter frå ei rekke historiske aktivitetar. Aspevågen er eit av dei prioriterte områda i nasjonal handlingsplan for opprydding i nasjonal handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn. 

Massar med miljøgiftkonsentrasjonar som inneber at massane vert karakterisert som farleg avfall, skal ikkje plasserast i eit lokalt strandkantdeponi. Desse massane må plasserast i eit eksternt godkjent deponi.
Ved å etablere eit strandkantdeponi i området ved Ysteneset, kan ein samstundes fylle over og sikre på ein forsvarleg måte at den eksisterande forureininga i området ikkje spreier seg.

Eit deponi her vil også vere eit startskot for vidare utvikling av området som for eksempel gang- og sykkelveg og trafikale tilhøve, og utvikling av privat næringsverksemd på Bålholmen.

Stadane som har vore vurdert i denne runden er Kvennaneset øst, området vest for Skutvika,  Sørsida og Ysteneset. 

Formannskapet rår til følgande vedtak: 

  1. Ålesund kommunestyre vedtar å starte detaljprosjektering av eit strandkantdeponi tilknytt gassverkstomta ved Ysteneset. Kommunedirektøren får fullmakt til å forhandle med grunneigarar om etablering av eit strandkantdeponi som tilfredsstillar forureiningsmyndigheitenes krav til etablering og etterbruk av området. Meir nøyaktige kostnadar for tiltaket vil vere klart etter at detaljprosjektering av tiltaka er gjennomført. Kommunedirektøren vil då legge ei ny sak fram til politisk behandling med kostnadane som må innarbeidast i framtidige budsjett og økonomiplanar.

Nei til Tall Ships Races no

 

Bilde av formannskapet - Klikk for stort bileteMot ei stemme sa formannskapet nei til at kommunen skal vere vertshamn for Tall Ships Races i 2024 eller 2025.

   

 

The Tall Ships Races vart arrangert med Ålesund som vertshamn både i 2001 og i 2015. Rapporten etter arrangementet i 2015 konkluderte med at dette var eit svært vellykka arrangement både for byen og heile Sunnmøre.

Det er arrangementa i 2024 og 2025  det no kan vere aktuelt å vere vertshamn for. Men dersom kommunestyret følger tilrådinga frå formannskapet vert det altså ikkje  noko seglskutefest i Ålesund med det første.
Berre Senterpartiet sin representant Kirsti Dale stemte for skutefest no. 

Kommunen bør busette 81 flyktningar

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har oppmoda Ålesund kommune om å busette 68 flyktningar i 2021. 
Formannskapet meiner at  Ålesund kommunestyre bør seie ja til dette. 

Dei rår politikarane i kommunestyret om  å gjere vedtek på at Ålesund kommune tek imot og busett totalt 68 flyktningar i 2021, der to av plassane vert nytta til busetting av einsleg mindreårige under 15 år, og to av plassane vert nytta til busetting av einsleg mindreårige over 15 år.

Politikarhonorar

Honorara til politikarane skal reduserast med åtte prosent. Formannskapet rår til at det vert sett ned eit hurtigarbeidande utval med fire personar som skal greie ut saka.

Dei fire er Kari Grindvik, leiar  (V), Svein-Rune Johannessen (AP), Hans Kjetil Knutsen (Å) og Monica Molvær (H). Kommunedirektøren stiller med administrativ ressurs for utvalet.
Sjå saksliste og protokoll frå møtet her.