Kommisjonen skal kartlegge den samla situasjonen for personvernet, og trekke fram dei viktigaste utfordringane og utviklingstrekka. Den skal vidare kartlegge offentleg sektors behandling av personopplysningar, dette gjeld også utviklinga i justissektoren og om det samla omfanget av tiltak skaper personvernutfordringar.
Kommisjonen skal vurdere rettane til brukarane av digitale løysingar og konsekvensar for personvernet i sosiale medier, og forslå tiltak som kan sikre den enkeltes moglegheit til å ivareta eige personvern.
Kommisjonen skal særleg vurdere korleis personvernet for barn og unge bli ivaretatt. Den skal kartlegge korleis bruk av sosiale medier verkar på personvernet for barn og unge og foreslå eventuelle tiltak for å betre personvernet.
- Både teknologiutviklinga og samfunnsutviklinga utfordrar personvernet på nye måtar, og eg meiner det er viktig å ta ein brei gjennomgang av personvernets kår slik ein legg opp til her. Eg er glad for å kunne bidra inn i dette arbeidet, både med erfaringa mi frå fleire år i Datatilsynet, men óg med erfaringa frå arbeidet med innovasjon og digitalisering i kommunen, seier Helge Veum.
Kommisjonen er breitt samansett og medlemmane har kompetanse frå fleire fagområde.
Kommisjonen blir leia av John Arne Moen, sjefredaktør i Trønder-Avisa og konsernsjef i TA-gruppen som består av i alt seks mediehus.
Andre medlemmar:
• Tor-Aksel Busch, pensjonist, Askim
• Trine Skei Grande, stortingsrepresentant , Oslo
• Trude Haugli, professor, Tromsø
• Haakon Hertzberg, assisterande direktør, Drammen
• Marianne Høyer, nemndleiar, Trondheim
• Finn Lützow-Holm Myrstad, fagdirektør, Oslo
• Toril Nag, konserndirektør, Sandnes
• Ingvild Næss, Chief Privacy and Data Trends Officer, Oslo
• Jill Walker Rettberg, professor, Bergen
• Helge Veum, stabssjef, Ålesund
• Dag Wiese Schartum, professor, Oslo
• Oddhild Aasberg, juridisk seniorrådgivar, Brønnøysund