Heilt- eller delvis, her er rapporten som viser alternativa for plassering av cruise

Cruisetrafikken i Norge har vore i sterk vekst det siste tiåret, veksten er forventa å halde fram. Skal cruisehamna fortsatt ligge på sørsida, eller kan ein finne ei anna løysing?

Cruisebåter til havn i Ålesund - Klikk for stort bileteCruisebåter til havn i Ålesund

Sørsideplanen legg opp til ein blanda bruk av kaiene på sørsida av bysentrum, der byutviklinga skal sameksistere med fiskebåtar og passasjerbåtar. Samtidig har mengden cruisetrafikk auka mykje sidan 2015, og kommunen valde derfor å gå i samarbeid med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Sørsida Utvikling AS og Ålesundregionens havnevesen om ei moglegheitsstudie. Denne skulle sjå på om der er alternativ til dagens plassering av cruisekaiene, og om det er råd å flytte dei anten heilt eller delvis. 

No er rapporten frå studien ferdig, og du kan lese den her.

Kva har rapporten sett på?

Frå rapporten:

"Arbeidet startet i april 2024 og det har vært ulike møter og befaring med de involverte oppdragsgiverne, Kystverket og Statens vegvesen. Ulike potensielle kaier ble vurdert og silt ned til et mindre antall som ble analysert nærmere: Sørsidekaiene, Bålholmen, Aspa, Sildegarnsholmen, Skansekaia og Verpiingsvika. Evalueringskriteriene har vært maritime forhold, havneteknikk, byutvikling, reiseliv, mobilitet, økonomi, miljø og samfunn. 

Cruisekaia i Ålesund er i dag plassert på Sørsidekaiene, som inkluderer Storneskaia, Stornespiren og Prestebrygga. Cruisetrafikken i Norge har økt betydelig de siste årene, og Ålesund har blitt Norges største cruisehavn målt i antall passasjerer. Denne veksten har ført til interessekonflikter mellom behovet for cruisetrafikk og byutvikling. Mulighetsstudien presenterer 22 alternativer for 5 lokaliseringer der 7 alternativer sammenliknes med en referansesituasjon."

Mot slutten av rapporten skriv Asplan Viak følgande om dei vala kommunen no har på vegen vidare.

  1. Redusere kapasiteten på dagens hamn, og erstatte delar av denne med ein avlastingskai på Meierikaia, Sildegarnsholmen, Skansekaia eller Verpingsvika
  2. Redusere kapasiteten på dagens hamn med ein lågare makskapasitet enn i dag etter ein tålegrenseanalyse (jfr. maksgrense i Bergen og Stavanger 8000 pax)
  3. Flytte cruisekaia til ein heilt annan lokalitet (evt. med Sørsidekaia som reservekai)
  4. Flytte delar av kapasiteten frå Sørsida til Aspa som foreslått av hamna
  5. Endre ambisjonane for utviklinga av Sørsida, slik at cruisehamna framleis kan vere på Sørsida med dagens kapasitet

 Kva veg ein tek vidare vil vere opp til politikarane, som får rapporten presentert den 20. mars.

Mange analysar

I rapporten og dei fire vedlegga er det gjort mange analysar og undersøkingar, her er eit knippe utvalgde illustrasjonar som synar nokre lokasjonar og forhold som er vurdert.

Her finn du rapport og meir om utviklinga av den sentrale sørsida.