Illustrasjon SørsidaSørsideplanen
Det vart i 2015 vedtekne ein områdereguleringsplan for Ålesunds sentrale sørside (Sørsideplanen). Den legg til rette for vidareutvikling av området Sørsida, med ca. 130.000 m2 ny bebyggelse.
Innanfor planområdet blir det lagt opp til fleire nye funksjonar som bustad, forretning, service, kulturaktivitetar og skule. Områdereguleringa omfattar også betydelege infrastrukturtiltak, mellom anna gjennom etablering av «Kulturhavna» og «Rådhushavna» og nye vannrom med auka kontakt mellom byen og sjøen.
Planen muleggjer viktige byplanmessige grep. Dei overordna målsettingane for planen er mellom anna å sikre ei berekraftig utvikling med fokus på høg kvalitet, auka kontakt med sjøen, Ålesunds historiske identitet og alternative transportløysingar.
Dokument
Sørsida Utvikling
Sørsida Utvikling AS (SUAS) vart etablert i 2019 som utviklingsselskap, med formål å fungere som eit overordna organ for dagleg operativ leiing for utviklinga av sørsida av Ålesund sentrum.
Sørsida skal i samsvar med Ålesund kommunes eigarskapsmelding for SUAS blir utvikla til å bli eit føregangsdøme på byområde med berekraftige løysingar som balanserer økonomiske, miljømessige og sosiale berekraftsmål. SUAS skal leggje vekt på sitt særlege samfunnsmessige ansvar og skal i den samanhengen vareta offentlege og byutviklingsmessige omsyn.
For meir informasjon, sjå nettsida til Sørsida Utvikling
Du kan også følge utviklinga av området ved å følge dei ulike sosiale medie-kanalane til Sørsida Utvikling og Kulturhavna.
Mulighetsstudie om cruise
Sørsideplanen legg opp til ein blanda bruk av kaiene på sørsida av bysentrum, der byutviklinga skal sameksistere med fiskebåtar og passasjerbåtar. Samtidig har mengden cruisetrafikk auka mykje sidan 2015, og kommunen valde derfor å gå i samarbeid med Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Sørsida Utvikling AS og Ålesundregionens havnevesen om ei moglegheitsstudie. Denne skulle sjå på om der er alternativ til dagens plassering av cruisekaiene, og om det er råd å flytte dei anten heilt eller dels.
Den ferdige rapporten med vedlegg kan du lese ved å trykke deg inn på dei vedlagte filene under.
Mulighetsstudie (PDF, 25 MB)
Vedlegg 1: Vind og bølgeforhold Ålesund - Mulighetsstudie cruise (PDF, 2 MB)
Vedlegg 2: Tilgjengelighetsanalyer - Mulighetsstudie cruise (PDF, 3 MB)
Vedlegg 3: Bølgeforhold Ålesund - Mulighetsstudie cruise (PDF, 7 MB)
Vedlegg 4: Tegningshefte (PDF, 47 MB)