Heiderspris til Andreas Relling

Andreas Relling har fått VA-yngre sin heiderspris for fantastisk innsats som fagperson og hans bidrag til rekruttering til VA-bransjen.

mann med heiderspris og diplom - Klikk for stort bileteAndreas Relling seier det var stas å få heiderspris og at det er ein motivasjon til å fortsette med arbeidet for å få fleire til å få opp augene for at vatn og avløp er ein interessant og viktig arbeidsplass

VA-yngre hadde nyleg samling i Ålesund for VA-tilsette i heile landet. På konferansen sin første dag sto maskinlæring og kunstig intelligens i vatn og avløp på programmet. Dag to var ein ute på omvising på ulike prosjekt i regionen, mellom anna bygginga av det nye vassbehandlingsanlegget i Fremmerholen.

Under festmiddag vart det delt ut årets heiderspris. Den gjekk til ein av VA i Ålesund kommune sine tilsette; Andreas Relling.

Fantastisk innsats som fagperson

Arbeidsutvalet i VA-yngre seier prisen går til Andreas Relling for hans fantastiske innsats som fagperson og bidrag til rekruttering til VA-bransjen som lokalkontakt i Ålesund i over 7 år.

-    Og han får også prisen fordi han er eit skikkeleg ja-menneske. Han tek alle utfordringar på strak arm og har det siste året mellom anna vore med på STADes klimakonferanse som VA-yngres representant og bidrege sterkt til gjennomføringa av VA-yngres årsseminar i Ålesund.

Rekruttering

Andreas er i pappapermisjon no, og VA-yngre seier det går rykte om at han begynner rekruttering til bransjen tidleg. Sambuaren til Andreas jobbar også i Vatn og avløp i Ålesund og det blir sagt at når dei er ute saman med barna sine og barna ser eit kumlok, så peiker barna på det og seier «mamma og pappa»!

Som lokalkontakt for VA-yngre arrangerer Andreas Relling han lokale samlingar for VA-yngre og fremmar dei yngre i bransjen.

-    Vi skal sørge for at dei yngre blir sett og høyrt og vi bistår til rekruttering inn i bransjen. 
Andreas seier han vart både overraska og forvirra då han fekk prisen og knapt nok forsto at det var han som fekk heidersprisen. 

Men det var stas å få ei slik utmerking og det er ein motivasjon til å fortsette med arbeidet for å få fleire til å få opp augene for at vatn og avløp er ein interessant og viktig arbeidsplass.