Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar

Gratis klima- og energirådgiving til bustadeigarar

Ålesund kommune tilbyr no gratis klima- og energirådgiving til innbyggarane sine. Sjå kva det omfattar i artikkelen.Kvinne åpner døren - Klikk for stort bilete  

Rådgivinga skal bidra til at bustadeigarar bruker energi meir effektivt og klimavenleg. Og i større grad bruke lokale fornybar energikjelder som til dømes solenergi. I tillegg skal bustadeigarar få gode råd om ladeløysingar for elbil og støtteordningar.

– Tilbodet er ein del av arbeidet til kommunen med klima og energi. Vi skal bidra til kunnskapsbygging og legge til rette for at innbyggarar skal kunne ta klimavenlege val, seier kommunalsjef for Samfunn, Malin Piegsa.

Gratis og uforpliktande klima- og energirådgiving

Ålesund kommune gjennomfører frå 19. september 2022 ein klima- og energirådgivingskampanje retta mot hushaldningar. Hensikta er å motivere boligeigarar til å redusere energibruken i eigen bustad og ta klimavenlege val. Dette gjeras gjennom bruk av energiportalen.no (på nett) og tilbod om digital synfaring med ein objektiv energirådgivar. Du kan mellom anna få råd om:

  • Elbillading
  • Etterisolering av vegger og tak
  • Byting av vindauge og dører
  • Installering av varmepumpe eller solceller
  • Smart styring
  • Alternative energikjelder
  • Støtteordningar frå Enova

Energianalyse på nett

Verktøyet Energiportalen gjer det mogleg med objektiv nettbasert energianalyse av bustaden din. Gå til alesund.energiportalen.no og søk opp bustaden din. Du får rettleiing til korleis han skal brukast.

Synfaring med energirådgivar

Du kan avtale ei synfaring med ein energirådgivar, som kan hjelpa deg med smarte klima- og energiløysingar tilpassa bustaden og økonomien din. Dette er eit avgrensa tilbod.

Gå til kalender for å finne ledig tid

Kampanjen er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune og leveres i samarbeid med kommunane i fylket. Tenestene og rådgivinga er levert av Simenergi AS og EEFFY AS.

Til toppen