Godt badevatn i Ålesund

Vi har sjekka badevatnet for deg.  Kvaliteten er god.  

badeliv i vasskanten - Klikk for stort bilete

 

Sommaren er her og snart er det fellesferie. Om ikkje badetemperaturane alltid innbyr til ein dukkert, kan det vere greitt å vite at Ålesund kommune undersøker vasskvaliteten ved utvalde offisielle badeplasser i Ålesund kommune.  Kommuneoverlegen tok badevannsprøver i veke 26 og vil kontrollere minst ein gong til i løpet av sommaren.

Generelt kan ein seie at badevannskvaliteten er god i kommunen.  Det kan vere meir forurensning i sjøen i periodar med avrenning frå jordbruk og periodar med mykje regn.

I år registrerer vi kvaliteten på badevatnet på desse badeplassane:  

  • Prinsen
  • Volsdalsberga
  • Sandingane
  • Emblemssanden 
  • Murvika i Skodje
  • Skråvika på Sjøholt

 

Oppdatert informasjon om kvalitet på badevatnet og resultat på badevassprøvene finn du på Ålesund kommune si heimeside.