Fortsatt kokevarsel i Ålesund, men første oppfølgingsprøve var rein

Oppfølgingsprøver frå første dag er utan bakteriar, men vi strekar under at kokevarselet for områda i Ålesund gjeld fortsatt.

For å vere heilt sikker på at ein kan friskmelde vatnet, bør det vere to påfølgande dagar med reine prøver.

Onsdag denne veka vart det sendt ut kokevarsel til Nørvøya, Aspøya og Hessøya i Ålesund kommune i tillegg til Valderøya og Vigra i Giske kommune. Det vart gjort etter rutinemessig testing mandag og svar på prøvene onsdag, som viste at det mandag var tarmbakteriar i vatnet.  

Dette kokevarselet gjeld fortsatt i Ålesund og vil gjelde fram til vi har to dagar på rad med reine prøver. 

Giske kommune har avslutta deira kokevarsel og viser til at alle prøver som har vore tatt denne veka har vore reine. Du kan lese meir om det her. 

Ny avklaring laurdag

Resultat av oppfølgingsprøve 1 i Ålesund, som vart tatt på onsdag, viser no godkjente og reine prøver. Dette gjeld fleire prøver frå ei rekke punkt på vassforsynings-systemet.
Resultat frå oppfølgingsprøve 2, som vart tatt på torsdag, vil kome laurdag. Resultat av desse prøvene vert kunngjort.

Dersom resultatet laurdag viser at vi har to godkjende prøver for to dagar på rad, vert kokevarselet oppheva. Oppheva kokevarsel vert meldt frå om på sms til innbyggarane, gjennom kommunens eigne kanalar og media. 
 

Fekk ikkje du sms med kokevarsel? Gå inn på varslemeg.no og sjekk at du har rett adresse liggande inne. 
Her finn du gode råd om korleis du skal handtere eit kokevarsel.