Ordførar Eva Vinje Aurdal satte det første spadetaket for ny skole på Hessa.
- Dette er det beste ved å være prosjektleiar for eit bygg, utbrøt Jonas Berger i Ålesund kommunale eigedom KF (ÅKE) då han så flaggborgen og alle dei lykkelege elevane og fremmøtte på Hessa skole. Han hadde invitert til markeringa på Hessa skole, kor det var talar, musikk frå Hessa og Aspøy skolekorps, song frå elevane – og utdeling av is.
- Dere er blant dei flinkaste til å seie i frå, innleia ordføraren i sin tale, og sikta til demonstrasjonen i haust då bygginga var trua med å bli utsatt. - Endeleg er det no Hessa skole sin tur, sa ho og satte det symbolske første spadetaket på tomta for den nye skolen. Og spada ho brukte fekk ho på demonstrasjonen. Den var dekorert med sløyfeband som er påtekna med navnet på kvar elev på skolen.
Bygginga startar i sommar
Det er firmaet Consto Midt-Noreg AS som skal bygge skolen, dei er totalentreprenør. Prosjektet følgjer planen om ferdigstilling desember 2025 for alle elevar. Det vil vere ein ny barneskule med kapasitet til 504 elevar.
Vi starter bygginga allereie i sommar, fortalte Kenneth Vedlog, som er prosjektleiaren i Consto. Han forklarte elevane korleis dei skal passe på at det er trygt for dei å være på skolen og leike der, samstundes som store lastebilar kjem og bygginga foregår.
Birte Bjørkås (Advansia), Henriette Bryn (styreleiar ÅKE), ordførar Eva Vinje Aurdal, Anne Berit Støyva Emblem (leiar i komité for oppvekst), Jonas Berger (prosjektleiar ÅKE), Kenneth Vedlog (prosjektleiar Consto), Bjørn Ivar Rødal (kommunalsjef oppvekst).
Her kan du lese meir om byggeprosjektet ny skole på Hessa