Første grabben i jorda for reinare fjordar

Onsdag 15. mai 2024 vart grabben sett i jorda og byggestart for Kongshaugen reinseanlegg markert.

Gravemaskin i arbeid med mann bak spakane - Klikk for stort bileteFrode Andresen imponerte ved spakane i gravemaskinen då han sette den første grabben i jorda for BLÅ fjordar.

 

Det var Frode Andresen, nestleiar i planutvalet i Ålesund kommune som fekk sette i gang gravemaskina og sette grabben i jorda. Han er også tidlegare leiar i teknisk komite i Ålesund kommune og har god kjennskap til prosjektet BLÅ fjordar gjennom mange år. 

Til trass for at det var første gong han sat i ein gravemaskin, handterte han spakane trygt og godt og var også trygg på at markeringa var starten på noko som vil gi reinare fjordar.

Dette er det største miljøprosjektet i fylket vårt, og når det kjem i drift, vil vi sjå at både Ellingsøyfjorden, Borgundfjorden og Storfjorden blir reinare og får betre vasskvalitet.

Framtidsretta anlegg

Etter han har følgd prosjektet så lenge kjenner han også til dei mange diskusjonane som har vore. 

-    Ja, det blir dyrt, men dette er noko både innbyggarane, næringslivet og dei som besøker oss treng og som vil kome til nytte i mange tiår framover. Eg er overbevist om at dette er eit framtidsretta og godt anlegg.
Andresen viste i tillegg til at administrasjonen hadde stått på og gjort sitt for å lære politikarane om avløpsteknologi. 

-    Og no er vi i gang og eg ønskjer lykke til med arbeidet framover.

Fortau og tomt

Arbeidet som vert sett i gang no gjeld bygging av fortau og klargjering av tomta til administrasjonsbygget. Arbeidet startar opp over pinse. 

Det neste store steget i prosjektet er inngåing av kontrakt på arbeid med berghallen. 

Det er planlagt at anlegget skal vere ferdig og i vanleg drift i 2028. 

FAKTA

•    «BLÅ fjordar» er eit samarbeid mellom Sula kommune og Ålesund kommune om felles system som sikrar lovleg reinsing av avløpsvatn frå heile Sula kommune og store delar av Ålesund kommune. 
•    BLÅ gir reinare fjordsystem, regional utvikling gjennom lovleg system for avløpsvatn og ei berekraftig løysing for framtida.
•    BLÅ har både reinseanlegg, administrasjonsbygg og overføringsanlegg.
•    Administrasjonsbygget skal ligge på Kongshaugstranda medan reinseanlegget vert bygd i fjellet bak administrasjonsbygget.