Først i Norge med matriks-kode på rør

Ålesund kommune har lagt ut dei første røra i Norge med digitalt produktpass (matriks-kode). Det skal gi presise data og effektivisere drifta.

blå rør som ligg over grøn mark - Klikk for stort bileteDen nye vassleidninga i Engesetdalen er Norges første leidning med matrikskode og ein spydspiss innan digital fornying av vatn- og avløpsbransjen.


Ålesund kommune, Vatn og avløp, har lagt 600 meter ny vassleidning i Engesetdalen. Desse røra er merka med digitalt produkt-pass, eller matriks-kode, og er spydspissar i ei digital fornying av vatn- og avløpsbransjen.

Med matriks-kode får ein samla oppmålingskoordinatar og tekniske data «med eit klikk» og matriks-koden «snakkar med» både produsenten sin produktkatalog og kommunen sitt kart- og datasystem. Du måler opp og registrerer det konkrete produktet med tekniske spesifikasjonar som dimensjon og materiale i tillegg til at du får lagt inn nøyaktig informasjon om kvar det er lagt ned.

Sikrare og meir effektiv drift

Fungerande verksemdsleiar for vatn og avløp i Ålesund kommune, Ingunn Osdal Stette,  seier det er svært spennande å vere med på dette prosjektet og at det viser at Vatn og avløp i Ålesund er langt framme i skoa når det gjeld digitalisering.

Med dette prosjektet får vi presise og pålitelege data som vil gi oss høgare datakvalitet, betre dokumentasjon av anlegg og sikrare og meir effektiv drift.

Ivan Spiranec, teknikar i Ålesund Vatn og avløp løftar fram at  løysinga med matrikskoder vil gi han ein enklare kvardag. 

Torfinn Ruud, Bilal Shengeb og Vegard Schieldrop frå Ålesund vatn og avløp i arbeid med det nye leidningsanlegget.

-    Det forenklar prosessen med å få ledningsdata inn i kart- og informasjonssystem. Når vi skannar koden unngår vi tastefeil som kan oppstå ved manuell registrering. I tillegg får alle deltakarar i eit prosjekt enkel og rask tilgang til informasjon om rør og andre deler. Eg ser at dette blir svært nyttig og håper matrikskoder blir standard for leidningsdata framover.   

Han får støtte av avdelingsleiar for drift i Ålesund vatn og avløp, David Mertsching. 

-    Matrikskodene gjer det lettare for prosjektleiarane å gi rett informasjon til innmålarane og sikrar robust og feilfri importering av leidningsdata. I tillegg vil det spare tid når innmålarane kan registrere data på denne måten. 

Optimalisert drift av leidningsnettet  

Prosjektet er eit samarbeid mellom Ålesund kommune, Ahlsell og Wavin/Orbiagruppa. 

Den vesle prikkete firkanten gir verksemd for vatn og avløp høgare datakvalitet, betre dokumentasjon av anlegg og sikrare og meir effektiv drift.

Oleksandra Furman, digitaliserings og berekraftsleiar i Orbia (Wavin) seier dei som leverandør av berekraftige produkt og løysingar til bygge- og ser dei på data som ein ressurs som må vere enkelt  tilgjengeleg for alle partar i eit prosjekt. 

-    Difor arbeider vi mykje med tverrfagleg koordinering og optimalisering av datautveksling. I dette prosjektet får vi kopla berekraftsinformasjon, produktinformasjon og dokumentasjon direkte til kart- og informasjonssystemet Gemini.

Furman seier også at pilotprosjektet i Ålesund med digitale produktpass for VA-produkt er eit betydeleg steg framover for å modernisere og effektivisere handteringa av kritisk infrastruktur. 

-    Med matriks-kodar på røra og automatisert datautfylling og sporbarheit, kan kommunar sikre betre kontroll, redusere feil og tap av data i tillegg til å optimalisere drifta av leidningsnettet. 

Stor inspirasjon

Furman peiker dessutan på at prosjektet viser korleis ein kan møte utfordringar knytt til utveksling av data og systemintegrasjon, og at det legg grunnlaget for ei meir påliteleg og effektiv forvalting av infrastruktur i framtida. 

Anette Dalen, salsansvarleg i Ahlsell seier dette pilotprosjektet er eit stort steg framover for å modernisere og effektivisere handteringa av kritisk infrastruktur og utvidar no produktspekteret til å omfatta rør med strekkodar.

-    Prosjektet er til stor inspirasjon for korleis infrastruktur kan forvaltast på ein effektiv måte i framtida.

FAKTA

Digitalt produktpass er digital representasjon av viktig informasjon og eigenskapar til ei produkt, ofte tilgjengeleg ved ein matriks-kode som kan skannast for å få lett tilgang til data.

I pilotprosjektet i Ålesund får PE-røra slike kodar med informasjon om tekniske spesifikasjonar som produksjonsdato, batchnummer, materialkomposisjon og trykk-klasse. Alt dette går direkte til kommunen sitt kart- og datasystem når koden på røret blir skanna. Det same skjer med koordinatar og det unike produktnummeret (GTIN-nummer) som er nøkkelen for å laste ned all nødvendig informasjon frå produktdatabasen og direkte til kommunens datasystem.