Fjernar ureinsa kloakk ved Hessa

I februar 2024 vart arbeidet med å fjerne ureinsa kloakk og bygge pumpestasjon og leidningsnett ved Sævollen på Hessa sett i gang.

anleggsmaskin i snølandskap - Klikk for stort bilete


Det blir bygd veg frå Sævollen og ned til pumpestasjonen som skal ligge i friområde nedanfor vegen mellom busetnad og Hessabana. Pumpestasjonen skal ligge i strandsona.

flyfoto over område - Klikk for stort biletePunktet markerer området der pumpestasjonen skal byggast. Grunnlag: Google Maps


Medan vi arbeider vert det dessverre auka trafikk på den smale vegen ut til Hessabana, og vi ber både naboar og folk som går tur i området om å passe godt på. Arbeidet vil pågå nokre månader framover.


Det blir noko ulempe medan vi arbeider, men når jobben er gjort, kan ein sjå fram til reinare fjøre og sjø. I tillegg blir det veg ned til pumpestasjonen som gjer det enklare å kome seg ned til vannkanten. 

graving i snøkledd landskap - Klikk for stort bilete
graving ved snøkledd veg - Klikk for stort bilete
graving ved snøkledd veg - Klikk for stort bilete