Fire nye verksemder mottek Miljøfyrtårn-diplometTorsdag 26. november var det duka for seremoni i formannskapssalen på rådhuset i Ålesund. Her fekk fem nye verksemder tildelt Miljøfyrtårn-diplomet. Miljøfyrtårn er det mest brukte sertifiseringsverktøyet i Noreg, og skal hjelpe verksemdene med å redusere miljøbelastninga, stimulere til grøn omstilling og auke konkurransekrafta. Under seremonien fekk verksemdene blant anna velkomsttale og overrekking av diplom frå varaordførar Jessica Gärtner, samt nokon tips rundt vidare arbeid av Sonja Servan, rådgjevar i kommunen, og Natalie Østrem, miljørådgiver i Attvin. Det vart også opna for diskusjon og deling av erfaringar mellom verksemdene.Desse verksemdene fekk diplomAttvin Breivika gjenvinningsstasjonLangvas ASSøvik & Skåravik ASX Betong ASEi oppmoding til fleireÅ bli Miljøfyrtårn er ikkje berre ei sertifisering – det er ein start på eit langsiktig arbeid for miljø og berekraft. Erfaringa til verksemdene viser at det gir både struktur, utvikling og nye moglegheiter. Ønskjer du å vite meir om Miljøfyrtårn og korleis du kan sertifisere din bedrift? Les meir Sist endra 26.11.2026 16.03