Miljøfyrtårn

Når offentlege og private verksemder er miljøfyrtårn inneber det at dei har tatt et aktivt val om å ha eit berekraftfokus i kvardagen.

Arbeidet med miljøsertifisering er i dag ein sentral del av Ålesund kommune sitt interne miljø- og klimaarbeid. På same tid er det ein viktig del av arbeidet med å stimulere til et klimavenleg næringsliv.

Kva er Miljøfyrtårn?

Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifiseringsordning for verksemder som ønsker å vise samfunnsansvar og dokumentere sin klima- og miljøinnsats. Miljøfyrtårn er eit anerkjent og effektivt verktøy for sertifisering og miljøleiing, som hjelp verksemder å lykkast med grøn omstilling. Miljøfyrtårnordninga blir drifta av stiftelsen Miljøfyrtårn.

Kom i gang med Miljøfyrtårnsertifisering

Miljøfyrtårn passer for alle typer verksemder, frå små og mellomstore enkeltverksemder, til store konsern, kommunar og fylkeskommunar. Stiftelsen Miljøfyrtårn har utarbeidd over 80 bransjekriterium, som betyr at miljøfyrtårnarbeidet kan tilpassast rammene for den enkelte verksemd.

Lurer du på om det er noko for di verksemd? Les meir på Stiftelsen Miljøfyrtårn (miljofyrtarn.no)

Vesentleganalyse

Mange små og mellomstore bedrifter opplever at det er krevande å lykkast i berekraftig omstilling, og for enkelte kan det virke heilt uoverkommeleg. Kor skal ein starte? Kva er eigentleg vesentleg?

Miljøfyrtårn og UN Global Compact Network Norway tilbyr ulike løysingar for å identifisere vesentlege påverknader. Kommunen har eit eige skjema for sine einingar, med ei forenkla analyse. 

Les meir om vesentlig.no

Ålesund kommune er miljøfyrtårnsertifisert

Ålesund er ei Miljøfyrtårn-kommune, og det blir arbeidd jamt med å verte betre innan ulike kriterium. Snart kjem det ein ny modell for sertifiseringar, kor kommunalområda skal sertifiserast og einingane får fokusere endå meir på tiltak. Tidlegare har det vore vanleg å sertifisere einingar, som barnehagar og sjukeheim. 

Miljøfyrtårn - Oversikt over sertifiserte einingar

 

Kontakt

Miljøfyrtårnansvarleg Sonja Servan