Fem nye verksemder mottek Miljøfyrtårn-diplometTysdag 26. mai var det duka for seremoni i formannskapssalen på rådhuset i Ålesund. Her fekk fem nye verksemder tildelt Miljøfyrtårn-diplomet.Jørgen Drønnen og Vegard Eldøen frå Miles AS Ålesund fekk overrekt Miljøfyrtårn-diplomet av varaordførar Jessica Gärtner Kristin Graskopf Ose Miljøfyrtårn er det mest brukte sertifiseringsverktøyet i Noreg, og skal hjelpe verksemdene med å redusere miljøbelastninga, stimulere til grøn omstilling og auke konkurransekrafta. Totalt har Ålesund kommune i dag rundt 135 sertifiserte verksemder. Under seremonien fekk verksemdene blant anna velkomsttale og overrekking av diplom frå varaordførar Jessica Gärtner, samt nokon tips rundt vidare arbeid av Sonja Servan, rådgjevar i kommunen, og Sissel Standal, dagleg leiar i Framtidslaben. Det vart også opna for diskusjon og deling av erfaringar mellom verksemdene.Desse verksemdene fekk diplomBrages Bilforretning AS, Ålesund Industrikran Norge, avdeling Ålesund Miles AS Ålesund Urke & Madsen AS Ålesund parkeringPer-Øyvind Vatnehol frå Brages Bilforretning AS, Ålesund tok i mot diplomet frå varaordførar Jessica Gärtner. Kristin Graskopf Ose Olav Fosnes frå Industrikran Norge, avdeling Ålesund saman med varaordførar Jessica Gärtner Kristin Graskopf Ose Tommy Skodje frå Urke & Madsen AS fekk æra av å ta i mot Miljøfyrtårn-diplomet gitt av varaordførar Jessica Gärtner Kristin Graskopf Ose Ålesund parkering stilte mange då varaordførar Jessica Gärtner skulle overrekke Miljøfyrtårn-diplomet. Kristin Graskopf Ose Ei oppmoding til fleireÅ bli Miljøfyrtårn er ikkje berre ei sertifisering – det er ein start på eit langsiktig arbeid for miljø og berekraft. Erfaringa til verksemdene viser at det gir både struktur, utvikling og nye moglegheiter. Ønskjer du å vite meir om Miljøfyrtårn og korleis du kan sertifisere din bedrift? Les meir Sist endra 26.05.2026 16.23