Etter jul skal sjøormen i Brusdalsvatnet ned på botnen

Over nyttår skal vassleidninga til det nye vassbehandlingsanlegget seinkast til botns. Det betyr mykje aktivitet på og ved Brusdalsvatnet.

vatn med vassleidning i overflata - Klikk for stort bilete

Oppdatering 17. desember:

Planen var å seinke leidninga siste veka før jul, men på grunn av det ustabile vêrbildet vil det medføre stor risiko.

I staden driv entreprenør siste veka før jul med klargjering til seinking og sikring for juleferien. Rett over nyttår er dei tilbake for å få seinka leidninga så fort det er meir stabilt vêr.

Kva vi skal gjere?

Den største leidninga er nesten 4000 meter lang og har ein diameter på ein meter. Denne «sjøormen» har flyte på vatnet den siste tida, men skal no ned på botnen. Det betyr mykje aktivitet på og ved Brusdalsvatnet.

Det blir fleire båtar på vatnet som skal arbeide med leidninga. I tillegg er der ein lekter med heisekran. Alt arbeid  er nøye planlagt for å ta best muleg vare på drikkevatnet. 
Mellom anna må båtane desinfiserast før dei får sleppe ut på vatnet. Dei har også med sikringsutstyr som absorpsjonsmatter som kan suge opp lekkasjar og forhindre at det spreier seg i vatnet. 

I vassenden blir det gravemaskin som skal arbeide innanfor siltgardinen som er montert opp der.

Medan arbeidet pågår er det mykje aktivitet og også tau og forankringar inn til land. Vi oppmodar difor om at folk for deira eiga sikkerheits skuld, held avstand til arbeidet.  

Etter nyttår startar arbeidet med å sveise saman og legge ut leidninga for reserveinntaket. 

Julefri og ferieavvikling i Fremmerholen  

Entreprenøren som har jobba med å legge ut vassleidning skal ha julefri, og det blir ikkje arbeid i området før 6. januar.

I jula er difor området igjen opna for ferdsel slik at folk kan gå tur slik dei er vande med. 

Det er også julefri for entreprenøren som arbeider i Brusdalsvegen 208 og på råvasspumpestasjonen.

Det kan bli litt aktivitet dei første dagane i januar, men full aktivitet på arbeidsplassen er først 6. januar.