Desse skal skal ha ansvar for at arbeidet går som planlagt på byggeplass. Terje Melseth, Ålesund kommune sin hovudbyggeleiar, Kristoffer Aamås, prosjektleiar EL 24, Brian Jakobs assisterande prosjektleiar/ anleggsleiar EL24.
Kontrakten gjeld arbeid både på vassbehandlingsanlegget, reintvasspumpestasjonen, råvasspumpestasjon og ventilkum, og gjeld alt frå hovudtavler til nødlys, brannalarm og solcelleanlegg.
Prosjektleiar Marthe Strømme seier det var god interesse for entreprisen. Ho er fornøgd med valet som er gjort og kontraktsprisen som er inngått.
- Her fekk vi lokal leverandør som kan vise til referansar frå så store prosjekt tidlegare. Det er ein fordel når vi skal bygge. I tillegg set vi pris på at vi kan vi skape lokale ringverknader samtidig som vi sikrar reint drikkevatn til regionen.
Sikre reint vatn til Ålesund-regionen
Hans Oscar Molvær, dagleg leiar i EL 24 seier dei er glade for å få oppdraget og bli ein del av eit spennande prosjekt.
- Det er sjølvsagt viktig for oss å sikre arbeid til våre tilsette, men det er ekstra kjekt når ein i tillegg får jobbe med eit stort prosjekt og bidra til eit viktig samfunnsoppdrag; å sikre forsyninga av reint vatn til Ålesund-regionen.
Ei rekke kontraktar
Kontraktsprisen er på 26,7 millionar kroner og innanfor det som var budsjettert.
Kontrakten er ein av fleire kontraktar som skal vert inngått i våren og til sommaren. Det er inngått kontrakt på prosessanlegg og framover kjem også kontraktar på sjøleidning, leidningar og veg og automasjon.
FAKTA Fremmerholen vassbehandlingsanlegg
- Vassbehandlingsanlegg, pumpestasjon og overføringsleidningar for å sikre reint vatn til nesten 70.000 innbyggar i Ålesund, Sula og reservevatn i Giske.
- To bygg i Brusdalsvegen med prosessanlegg og reintvassanlegg. Pumpestasjon ved Rødsetvegen.
- Byggearbeidet starta i november 2023. Planlagt drift av anlegget er hausten 2026
FAKTA EL 24
EL 24 er eit lokalt elektro-entreprenørselskap etablert i 2006 som held til i Ålesund, Stranda, Sykkylven, Hellesylt, Valldal, Sjøholt og Langevåg og utfører elektroinstallasjonar for lokale og offentlege kundar. EL 24 er ein del av det norske elektrokonsernet Konstel.