Ein verkstad for djupnelæring

Det er allereie over 600 elevar som har fått besøkt nye Verkstad da Vinci. Verkstaden viser elevane korleis undring og leik kan føre til djupare læring, også i andre fagområde.

Gruppe barn teiknar - Klikk for stort bilete Trine Smoor Isaksen

Tysdag 20. juni 2023 heldt NOKU Møre og Romsdal debatt om kunst i skulen under Kulturytring i Drammen, med suksessprosjektet "Verkstad da Vinci" som utgangspunkt. Dette samarbeidet mellom Ålesund kommune og Aggregat Kunstnerfellesskap lar elevar og lærarar på 5. trinnet møte profesjonelle kunstnarar gjennom kunstnarmøter og verkstadar.

Verkstad da Vinci vart presentert av prosjektmedarbeidar, Trine Smoor Isaksen, som kunne fortelje at prosjektet vart oppretta for å styrke dei estetiske faga i skulen, fordi ein kunne sjå konsekvensane av den synkande lærarkompetansen i dei estetiske faga.

I prosjektet har det blitt utvikla og testa ut tverrfaglege pedagogiske opplegg der elevar og lærarar på 5.trinnet møter profesjonelle kunstnarar gjennom deltakande verkstadar. Metodikken som har blitt utvikla i prosjektet har til hensikt å styrke både den kreative muskelen hos elevar og lærarar, samt dei estetiske faga sin status og rolle. 

I den påfølgande debatten under Kulturytring tok ein opp problematikk rundt dei estetiske faga sin plass i norsk skule, hovudsakeleg på grunnskulenivå og barnetrinnet. Deltakarane i debatten var debattleiar Jo Skårderud (journalist i Klassekampen), Åse Kristin Ask Bakke, stortingsrepresentant for Ap og medlem av Familie- og kulturkomiteen, Lisbet Skregelid, professor ved Institutt for visuelle og sceniske fag ved Universitetet i Agder, Odd Christian Hagen, rådgivar ved Knuden – Kristiansand kulturskole og Oskar Skulstad, kultursjef i Ålesund kommune.

Estetiske læreprosessar som leiar til djupnelæring

Sidan Kulturytring 2023 har Verkstad da Vinci hatt besøk av 600 elevar som har fått kome på besøk i det nyoppretta Da Vinci-rommet! Rommet opna med brask og bram 10. oktober 2023, og det har gått slag i slag sidan.

Aggregat kunstnarfellesskap har bygd Da Vinci-rommet, med midlar i frå Norsk kulturråd, Kulturrom, Sparebanken Vest og Stiftinga Kjell Holm. Samt Aggregats eigenkapital og eigeninnsats frå kunstnarane.

I løpet av hausten har elevane fått arbeide med estetiske læringsprosessar saman med dansar og koreograf Tonje Molnes og biletkunstnar Silvia Ilona Klatt, som har lært dei å danse, teikne rørsle, male og samarbeide i verkstaden «Rastlaus Stillheit - ein uvanleg duett». Elevane har sjølv fått prøve å skape noko, og å uttrykke seg med dei teknikkane dei har lært, gjennom leik og undring – noko som skal leie til djupnelæring.

«Det har vore stor begeistring både frå elevar og lærarar når dei har vore på besøk i Da Vinci-rommet og jobba saman med kunstnarane. Nokre lærarar har gitt tilbakemelding på at det er nettopp desse djupnelæringsprosessane dei ønskjer å jobbe meir med i skulen. Eg trur, og håpar at dei er inspirerte til å ta med seg arbeidsmetodane tilbake til klasserommet.» Seier Trine Smoor Isaksen, dagleg leiar for Aggregat Kunstnarfellesskap, og prosjektmedarbeidar i Verkstad da Vinci.

Ny verkstad i 2024

I Verkstad da Vinci skal elevane allereie i løpet av januar 2024 få treffe komponist og lydkunstnar, Kristian Skårbrevik og keramikar og kunsthandverkar Lissette Escobar i ein ny verkstad! Her skal elevane både komponere musikk og lage keramikkgjenstandar. Kunstnarane ønsker å skape og formidle ei oppleving gjennom erfaring, utforsking og leik i verkstaden «Høyr, ta, reis – Ei reise gjennom musikk og keramikk. 

Lissette og Kristian vil vise elevane korleis ting som ikkje høyrer saman kan høyre saman likevel. Bakgrunnen til kunstnarane har gjort dei undrande og nysgjerrige på å utforske sansane, det taktile og å lytte, og fokuset i verkstaden ligg på å skape og erfare.

«Eg skulle ønske at fleire såg samanhengen mellom å styrke dei estetiske faga og betre resultat i teorifag. Tenk kor mykje rekneferdigheiter du treng for å komponere musikk, blande fargar og brenne ein leiregjenstand», seier Mariann Bjørkavoll Lervåg. Ho er koordinator i Verkstad da Vinci.