Ein familie kan spare 500 til 1500 kroner

Lavare meirverdiavgift på gebyr for vatn, avløp og slam frå 1. juli gjer at ei hushaldning kan spare 500 til 1500 kroner i året.

person som betaler faktura med telefon - Klikk for stort bilete

I statsbudsjettet for 2025 vart det vedteke å kutte satsen på meirverdiavgift frå 25 til 15 prosent. Målet var å bidra til lavare levekostnader for hushaldningar som har opplevd mindre kjøpekraft på grunn av auka prisar og høgare renter. Regjeringa anslår at moms-kuttet vil gi ei hushaldning innsparingar på mellom 500 og 1500 kroner.

Ny dato for endringa

Regjeringa foreslo først at moms-kuttet skulle kome 1. mai i 2025. Etter ei høyringsrunde er dette no endra til 1. juli. 

Moms-kutt frå 1. juli er tilpassa faktureringa frå kommunane og omlegging på denne datoen i staden for 1. mai sparer difor kommunane for mykje arbeid og kostnader. 
For Ålesund kommune betyr dette at fakturaen som gjeld andre kvartal i 2025 (april-mai-juni), har same satsen på meirverdiavgift som før. Fakturaen for tredje kvartal (juli-august-september) får den nye satsen på 15 prosent. 

For dei som har vassmålar og les av forbruk for heile året, vil halve forbruket, som tilsvarer halve året, få den gamle satsen for meirverdiavgift medan den andre halvparten av forbruket får ny og lavare sats. 

Informasjonen frå Regjeringa finn du her.