Ei suksesshistorie til å lære av

Frå august 2019 og fram til no har 17 flyktningar vore ein del av eit prosjekt med morsmålstøtte i norskopplæringa. Resultata er oppsiktsvekkande.

Bilde av elevar ved voksenopplæringa - Klikk for stort bileteFredag 25.09.20 var det offisiell avslutning på morsmålsprosjektet Ålesund vaksenopplæring har hatt det siste skuleåret. Alle var enige i at dette har vært et svært lærerikt og spennande år og at morsmålsstøtta både i klasserommet og ute i praksis har vore av stor betydning for språkinnlæringa og kulturell brubygging.

    

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Dei fleste av deltakarane i prosjektet hadde vore i Noreg under eitt år ved oppstart av prosjektet. Fleire av dei har svært lite skulegang frå heimlandet, og hadde også store utfordringar med å skrive eige morsmål.  Resultata frå prøveprosjektet i Ålesund er oppsiktsvekkande.

Ålesund vaksenopplæring har engasjert tre morsmålslærarar i 30-40 prosent prosent stilling kvar. Dei tre snakkar til saman fem språk, arabisk, kurdisk, swahili, kinyabwisha og tigrinja, og dekker alle morsmåla i deltakargruppa. I tillegg var det god lærerekning. Prosjektet kravde et  nært og tett samarbeid mellom lærarar og morsmålsassistentar.

Krevjande å lære norsk

 

Bilde av to elevar i butikk - Klikk for stort bileteDagleg leiar Bjørn Stringfellow på Eurospar på Blindheim er svært fornøyd med å ha Mohammad Hekmat fra Syria på språkpraksis.

  Tidlegare har læringssituasjonen vore svært krevjande for desse deltakarane, men når dei får forklaring på grammatikk og omgrep, samt yrkesorientering på eige morsmål, blir læringsprosessen sjølvsagt mykje lettare.
-Det har vore svært verdifult å ha morsmålsassistentane med i undervisninga, seier  Tatjana Kvisgaard som er assisterande rektor på Ålesund Vaksenopplæringssenter.

 

Ålesund vaksenopplæring har fått stønad frå integrering- og mangfoldsdirektoratet til prosjektet. 
Fram til juni 2020 gjekk deltakarane på skule fem dagar i veka, og morsmålsassistentane var med i undervisninga to dagar i veka.

I denne perioden var fokus norskinnlæring og yrkesorientering. Fokus var særleg på munnlege ferdigheitar og førebuing til å delta i norsk arbeidsliv. Erfaringsmessig oppstår det ein del misforståingar når deltakarar er ute i språkpraksis i bedrifter, både språklege og ikkje minst kulturelle misforståingar.

Lærer norsk og får arbeidserfaring

Litt av bakgrunnen for prosjektet var nettopp å støtte deltakarane med morsmålsassistentar ute i bedriftene, for å minske misforståingane og for å vere kulturelle brubyggarar. Morsmålassistentane har budd og jobba lenge i Norge. 

Sidan månadsskiftet  mai-juni har deltakarane vore på skulen tre dagar og ute i språkpraksis på ein arbeidsplass to dagar i veka med oppfølging av lærarar og morsmålsassistentar.

-Støtta frå morsmålsassistentane har vore særs viktig. Dei har vore språklege og kulturelle brubyggarar både i klasserommet og ute i språkspraksisen. Prosjektet har også handla om å bli kjend med den norske arbeidskulturen, seier Kvisgaard.

Eit av effektmåla i prosjektet var å bestå A1, munnleg i februar 2020. Trass i at dei fleste av deltakarane hadde vore i Noreg i svært kort tid, så passerte faktisk elleve av fjorten som tok prøva, nivået A2. Eit helt nivå over venta resultat!

A1 og A2 er to nivå innafor det europeiske rammeverket som beskriver språklege ferdigheiter, munnleg, skriftleg, lese og lytte. Skalaen går frå A1 til C2, der A1 er et svært enkelt nivå og C2 er et akademisk høgskulenivå. Ein bør vere på A2 munnleg for å fungere på ein arbeidsplass der det er mykje praktisk arbeid.

Utruleg oppmuntrande

-Dette er svært oppmuntrande. Ein av deltakarane i prosjektet har vore i Noreg i fleire år, og har strevd mykje med å lære norsk. Etter at vedkommande fekk vere med på dette prosjektet har det losna, og vedkommande har hatt ei svært god språkutvikling, seier Kvisgaard.

 

Bilde frå butikk. - Klikk for stort bileteLimo Mehari trivst godt på språkpraksis på Meny Lerstad

  -Dei som har vore med på prosjektet kjem frå Syria, Kongo og Eritrea. Dei har sjølv gitt svært gode tilbakemeldingar, og har vore svært takksame for å få delta i prosjektet, og har uttrykt ønske om at morsmålslærarane blir med vidare i språkopplæringa, fortel Kvisgaard.

 

-Kun ein deltakar hadde har vore ute i arbeidslivet før dei starta i prosjektet. At språkpraksiperioden har vore så vellukka skyldas i hovudsak at deltakarane var godt førebudde før dei starta, og støtta frå morsmålsassistentar og lærarar ute i praksis, samt svært velvillige og positive arbeidsgivarar. Tilbakemeldingane både frå deltakarane og frå arbeidsgjevarane har vore berre positive, fortel ho.
 
-Sjølv om prosjektet er over, fortsett vi med morsmålsassistentar i norskundervisninga ved Ålesund vaksenopplæring. Prosjektet har hatt høgskulelektor Birgitte Fondevik ved Høgskulen i Volda som rettleiar, og det er også ho som skriv dei faglege rapportane om erfaringane frå prosjektet, seier rektor Marit Kvamme ved Ålesund Vaksenopplæringssenter.