Bjørn Skulstad, avdelingsleiar vassforsyning, Ålesund kommune, professor Professor i vatn- og miljøteknikk ved Institutt for havromsoperasjon og byggteknikk, Razak Seidu og kommunalsjef Samfunn, Ålesund kommune, Sol Berntsen SlinningFor å vite meir om korleis ein må ta vare drikkevasskjelda til innbyggarane i Ålesund kommune, så set ein no i gang eit tre-årig forskingsprosjekt i eit samarbeid mellom NTNU, Ålesund kommune og Regionalt forskningsfond. Prosjektet har ei kostnadsramme på vel åtte millionar kroner.
Avdelingsleiar for vassforsyning i Ålesund kommune, Bjørn Skulstad, seier det er viktig å få meir kunnskap om kvaliteten på Brusdalsvatnet som råvasskjelde og ikkje minst korleis denne blir endra over tid.
Vi kan ikkje gamble med drikkevatnet vårt. Vi må vite meir om mellom anna miljøgifter som mikroplast og tungmetallar og kva det betyr for folk si helse i eit langsiktig perspektiv. Det trengst meir kunnskap som vi samlar over tid, ikkje minst når vi no står i ein diskusjon om ein skal legge ein 11 kilometer tungt trafikkert motorveg langs drikkevasskjelda.
Digital tvilling
Skulstad peiker også på at prosjektet vil gi solid og fagleg godt forankra kunnskap frå universitetet som ein uavhengig, akademisk institusjon.
I dette samarbeidet med NTNU i Ålesund, så forventar vi å få oppdatert kunnskapen vår både om kvaliteten på drikkevatnet, korleis den endrar seg og korleis den påverkar oss som drikk av vatnet.
Korleis folk blir påverka av vatnet
Forskarane frå NTNU i Ålesund skal lage ein digital tvilling for behandling og vern av Brusdalsvatnet, som skal hjelpe med å effektivisere behandlinga og kunne gi tidleg varsel om forureining som kan gi fare for helseskadar. Ein viktig del av dette er å finne ut på kva måte og i kor stor grad E39 forureinar Brusdalsvatnet. Prosjektet skal gi både dokumenterte resultat, forklaring på kva resultata betyr for Brusdalsvatnet og tilrådingar for korleis ein kan ta vare på vatnet både på kort og lang sikt.
Prosjektet skal dessutan ende med ei vurdering av korleis forureining av vatnet påverkar folk som drikk av det. Det er eit resultat av prosjektet som vi er spente på og som vil bli svært nyttig og viktig i det vidare arbeidet med å ta vare på Brusdalsvatnet og folk si helse.
Leiande kommune
Assisterande kommunedirektør Anne Mette Liavaag seier at DigiWater-prosjektet med bruken av digital teknologi i vassbehandling er med på gjere Ålesund kommune til ein leiande kommune på dette feltet. Ho peiker også på at DigiWater er eit godt eksempel på SmartCity-satsinga der akademia, det offentlege og næringslivet blir kopla saman for å løyse framtidas utfordringar.
Her ser vi effekten av å vere universitetskommune og samarbeid med NTNU som vil gi direkte nytte både for tilsette og innbyggarane våre. Gjennom dette samarbeid vil vi få meir kunnskap og sikre drikkevatnet vårt for framtida.
Varslingssystem for forureining som påverkar folkehelsa
I samband med DigiWater-prosjektet vert det ekstra aktivitet på og i vatnet mellom anna med ROV-ar, små fjernstyrte minifartøy. Dette er strengt regulert og vert gjort med stor varsemd, for å ikkje forureine vatnet.
Dei som bur langs Brusdalsvatnet har nok sett aktiviteten knytt til overvaking av forureining av drikkevasskjelda tidlegare.
Professor i vatn- og miljøteknikk ved Institutt for havromsoperasjon og byggteknikk, Razak Seidu, seier det er denne overvakinga dei no skal halde fram med, for å få vite meir om miljøgifter og helserisiko knytt til drikkevatnet frå Brusdalsvatnet.
Vi ser fram til å kome i gang med DigiWater med overordna mål om å utvikle ein digital tvilling til Brusdalsvatnet. Det blir ein virtuell simulator som integrerer drikkevasskjelda og vassbehandling, for å støtte driftseffektivitet og samtidig fungere som et tidlig varslingssystem for forureining som påverkar folkehelsa.