Digital avløpsmodell for effektiv byutvikling

Med kartlegging av 12.886 leidningar og inndeling i 34 soner har Ålesund fått ein av landets største modellar for overvaking av avløpsvatn.

mann i arbeidsklede framfor kart - Klikk for stort bileteAvdelingsingeniør Einar Løkken seier dei heftige datamengdene gir eit nyttig grunnlag for å forstå avløpsnettet og eit godt verktøy for å overvake, planlegge og rapportere.

Det siste året har Ålesund og Sula kommune i samarbeid med Norconsult og Rosim bygd ein detaljert hydraulisk/hydrologisk modell for avløpsnettet i kommunane.

I Ålesund har ein bygd ein digital modell av avløpssystemet og henta data frå 12886 leidningstrekk, 7463 definerte areal, 182 overløp, 450 utløp og 135 pumper. Målepunkta vert samanstilt med målingar av nedbør og vannføring, og kan også seie noko om lekkasjar og framandvatn, både kva type og kor mykje.

Nyttig verktøy

Verksemdsleiar for vatn og avløp i Ålesund kommune, Arve Olav Bang, og avdelingsingeniør Einar Løkken seier det nye systemet gir eit svært godt grunnlag for å forstå avløpsnettet

-    Til saman er dette heftige datamengder som gir oss eit nyttig verktøy både for å overvake, planlegge og rapportere.

Den nye digitale modellen gjer det mykje enklare å rapportere overløp til styresmaktene. Modellen vil også gjere det enklare å vise kvar problem oppstår og teste ut ulike løysingar. I tillegg kan modellen brukast til overvaking.

-    No kan vi få betre kjennskap til forholda ute, og førebu oss endå betre på fulle leidningar som i verste fall fører til at vatn kjem opp i kjellaren til folk. 

Byutvikling

Arve Olav Bang seier at med så detaljert innsikt i avløpssystemet vil det også vere enklare å planlegge og prioritere utbygging.

-    Slik vert den digitale modellen eit nyttig verktøy for kostnadseffektiv byutvikling. 

Neste steg i arbeidet med den digitale modellen er å bytte ut «oppstarts-sensorar» som har gitt både måling av mengde og høgde på vatnet med meir kostnadseffektive sensorar, og ta informasjonsmengdene i bruk.

- Dette er starten og grunnlaget for endå betre jobbing med avløpsnettet og rettare prioriteringar av utbetring og utbygging.

kart over avløpsnett - Klikk for stort bileteVed hjelp av den digitale avløpsmodellen kan ein for eksempel lese av i detalj kvar det stuvar seg opp mest vatn på ein bestemt regnversdag. Med så detaljert informasjon vert det enklare å planlegge og prioritere utbygging og dermed drive kostnadseffektiv byutvikling.