Det blir dermed ikkje grensejustering slik den forrige kommunalministeren sa like før han gjekk ut av regjering.
Dagens kommunal- og distriktsminister, Kjersti Stenseng, seier i ei pressemelding at Ålesund har vore gjennom omstillingar dei siste åra og at no må kommunen få bruke tid på å utvikle og levere gode tenester til innbyggarane sine, ikkje på grenser og struktur.
Departementet ser ikkje at ei grensejustering vil føre til reelle forenklingar i kvardagen til innbyggarane.
Ro til å utvikle
Ordførar i Ålesund kommune, Håkon Lykkebø Strand, seier dette er ei løysing som er svært gledeleg.
- No har vi fått eit svar som kan gi ro slik at vi får konsentrere oss om å utvikle heile kommunen vidare i saman.
Ny minister – nytt svar
Sandøy kommune med Ona og Sandøya vart ein del av Ålesund kommune i samband med kommunesamanslåing i 2020 etter at gamle Sandøy kommune vedtok at dei ville vere ein del av Ålesund. Innbyggarar på Ona og Sandøya søkte etter kvart om grensejustering til Aukra. Før jul leverte Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ei tilråding om grensejustering til Kommunal- og distriktsdepartementet om å greie ut grensejustering.
Ålesund meinte at faktagrunnlaget frå Statsforvaltaren var både tynt og feilaktig. I januar i år var representantar frå Ålesund i møte med Kommunal- og distriktsdepartemenet, for å utdjupe og kommentere grunnlaget som var gitt frå Statsforvaltaren.
30. januar, berre timar før Senterpartiet gjekk ut av regjering, kom beskjeden om at dåverande statsråd gjekk for grensejustering. I dag kom kontrabeskjeden frå kommunalminister Kjersti Stenseng.
Gå vidare og utvikle saman
Ålesund-ordførar Håkon Lykkebø Strand er letta over at dei nådde fram og at kommunen no kan gå vidare som ei samla eining.
Vi har levert gode tenester til gamle Sandøy kommune. Det skal vi halde fram med, og det vil vere lettare med heile gamle Sandøy samla med vidare i Ålesund kommune.
Lykkebø Strand peikar også på at ein no kan få bruke tid og krefter på å bygge eigen kommune og vere motor for utvikling, samarbeid og skape nye moglegheiter for kommunar og næringslivet i regionen i staden for å bruke energi på å dele opp kommunen.