
Pumpestasjonen pumper avløpsvatn vidare i sjøleidning over Åsefjorden og til Kongshaugen reinseanlegg. Når pumpestasjonen kjem på plass, skal vi avvikle drifta av Åse reinseanlegg og avslutte utslepp av avløpsvatn med lav reinsegrad.
Tilrigging og skoging før påske
Det er planlagt at ein startar med tilrigging og skoging på området før påske. Sjølve byggearbeidet startar for fullt i vekene etter påskeferien.
Pumpestasjonen blir som eit toetasjes bygg på til saman 370m2. Det skal ligge på austsida av reinseanlegget. Det er valt ein byggeskikk som står i stil med husa og nausta i området. I tillegg til bygging av pumpestasjon ligg det også i planane at det skal leggast til rette og stellast i stand rundt pumpestasjonen, for å bevare kvalitetane i området ved fjordstien.
Arbeidstid
Byggearbeida skal pågå i ordinær arbeidstid og støyande aktivitetar er avgrensa til tidsromet mellom klokka 9 og 15.
Bygging av sjølve stasjonen startar etter sommaren og skal halde fram til ut på våren 2026. Deretter kjem ein periode der ein monterer pumper og teknikk inne i huset. Pumpestasjonen skal etter planen vere klar til drift i desember 2026
Pumpestasjonen blir etablert på kommunal grunn og arbeidet skal ikkje vere til hinder for trafikken på Borgundfjordvegen.
Byggjerda er komne på plass langs Borgundfjordstien ved Åse reinseanlegg.Stenging av Borgundfjordstien
Arbeidet med pumpestasjonen gjer at vi dessverre med stenge fjordstien ved Åse reinseanlegg i nokre periodar. I første omgang gjeld dette i innleiiande fase der byggegropa skal gravast ut. Då vert det behov for sprenging og anleggsarbeid tett opp til fjordstien.
Dette arbeidet får truleg oppstart tidleg i mai og vil vare i fire til fem veker. Dersom vi blir ferdige med arbeidet før, så opnar fjordstien også før.
Det vil også kome arbeid seinare i byggefasen som gjer at vi vil måtte stenge stien i kortare periodar. Mot slutten av etableringa må vi krysse fjordstien med grøft og rør som skal ut i sjøen.
Når stien må stengast kjem vi tilbake i god tid i forkant med meir informasjon om kva tid det skal skje og kor lenge stien blir stengt.
Spørsmål?
Har du spørsmål eller treng å kome i kontakt med byggeleiar, kan du ringe 98623034
Pumpestasjonen på Åse er den andre pumpestasjonen som er sett i gang på overføringsanlegget til Kongshaugen reinseanlegg. Den første er stasjonen i Breivika. Du kan lese meir om overføringsanlegg og Kongshaugen reinseanlegg på www.blafjordar.no