Byggestart for trafikksikringstiltak ved Blindheim skole

Denne veka sett Bypakke Ålesund i gang eit trafikksikringstiltak som skal gje ein tryggare skuleveg og betre forholda for mjuke trafikantar ved Blindheim skole. 

No skal dette krysset ved Blindheim skole bli tryggare for mjuke trafikantar. Ålesund kommune

Skape ein trygg skuleveg

Hovudmålet er å forbetre gangfeltet og krysset mellom Øvre Skytterholmen og Tørlevegen. Dette skal gjerast ved å stramme opp krysset, auke belysninga og generelt gjere fotgjengaren meir synleg. Ved å redusere bredda på krysset vil farten på køyretøya bli lågare, og gangfeltet blir kortare. Dette vil gje større sikkerheit til barn og unge som ferdast i området. 

Krysninga vil også bli justert slik at den går rett over vegen og ikkje på skrå. Prosjektet vil vere universelt utforma, med leiesteinar og intensivbelysning for å sikre god tilgjengelegheit og tryggheit for alle brukarar.

Området har mange mjuke trafikantar, spesielt barn og unge som går til Blindheim Skole. Derfor er det viktig å gjennomføre desse tiltaka for å skape eit sikkert og tilgjengeleg miljø.

Slik blir arbeidsperioden 

Prosjektet vil gi større sikkerheit til spesielt barn og unge som ferdast i området. Ålesund kommune

Arbeidet ved Blindheim skole startar opp i dag og planlagt byggetid vil bli rundt 7 til 8 veke. Målet er at prosjektet skal stå ferdig før vinteren, seier prosjekt- og byggeleiar Tobias Hay Slinning. 

 

Entreprenør for prosjektet er Lindset Entreprenør og kontraktsverdien er 1,3 millionar kroner inkludert mva. Byggherre for prosjektet er Ålesund kommune. 

Dette er eit av mange trygg skuleveg-prosjekt som Bypakke Ålesund jobbar med dei neste åra.
 

Følg gjerne Bypakke Ålesund på Facebook