Slik skal bussane køyre i sentrum.- Det blir litt endring i trafikken for nokre av gatene. Eitt kvartal av Keiser Wilhelms gate er kollektivgate. Korsegata blir open for biltrafikk, men med busslommer på kvar side.
Dette fortel Erlend Aune, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Med dette vil Ålesund få eit effektivt kollektivknutepunkt i gatene, med berre av- og påstiging. Bussane skal ikkje ta opp plass med parkering eller kviletid på staden. I tillegg har omgjevnadane fått ei kraftig opprusting med fine område for folk og opphalde seg på.
- Nelvikstredet får einvegstrafikk som i dag, seier han.
Oppstart i juleferien
Sjølve byggearbeidet har vore ferdig nokre veker, men FRAM endrar rutene frå 23. desember. I skolane sin juleferie blir det noko mindre trafikk i Ålesund sentrum, slik at ein kan teste og gjere eventuelle justeringar for bussane. Det blir ikkje mogleg å parkere på nordsida av Keiser Wilhelms frå 10. desember, slik at ein legg til rette for snørydding og testkøyring av buss.
- Kollektivknutepunktet er ei viktig satsing for FRAM. Det skal bidra til å korte ned reisetida for passasjerane, samstundes som plasseringa er gunstig med tanke på kor folk oppheld seg, seier avdelingssjef i FRAM, Stig Helle-Tautra.
- Vi har stor tru på prosjektet. Det er testa med buss i gatene, og gjort omfattande trafikkanalysar. No blir det ein enklare kvardag for dei som skal ta buss, og det er framtidsretta med tanke på venta auke i folketalet i Ålesund.
Offisiell opning 9. januar
Offisiell opning blir torsdag 9. januar, og då er alle velkomne til å ta del i feiringa. Nærmare informasjon og program kjem seinare.
Slik skal kollektivknutepunktet fungere
- Bybussane går frå Keiser Wilhelms gate. Linje 1, 2, 10, 11, 12, 18 skal nytte denne. Linje 2 (ekspressen Ålesund – Magerholm) køyrer inn Nelvikstredet når dei kjem til Ålesund sentrum.
- Korsegata blir haldeplass for alle ekspressbussar, distriktsbussar, nattbussar, bussane til Ellingsøya og Giske kommune og flybussen.
- Fortaua blir oppvarma på vinteren.
- Eit kvartal av Keiser Wilhelms gate, frå Posthuskrysset i retning Pir, blir stengd for gjennomkøyring.
- Korsegata får tovegstrafikk i tillegg til av- og påstigning for buss.
- Nelvikstredet er opent for einvegs biltrafikk som i dag.
- Posthuskrysset blir tilpassa slik at Keiser Wilhelms gate kan fortsette via Sørsida og over ny Brosundbro. Dette kjem i eit seinare prosjekt i Bypakke Ålesund med Statens vegvesen som utbyggar.
Sjå kart:
Slik skal bussane køyre i kollektivknutepunktet.
Vest studio