2. oppdatering tirsdag 19. november
Tirsdag fekk vi ned dykker som inspiserte leidninga - og fann feilen. Tirsdag ettermiddag var ein i gang med å reparere leidninga.
Oppdatering tirsdag 19. november:
Mandag 18. november fekk høgdebassenget ny påfylling av vatn frå tankbil. Etter fylling er det berekna at det er 45.000 liter vatn i bassenget. Planen er ny fylling på torsdag.
Dykker starta søk etter lekkasje tirsdag 19. november.
Informasjon fredag 15. november
Vi har brot på vassleidninga til Ona og Husøya. Difor er det avgrensa kapasitet på drikkevatn. Fredag ettermiddag køyrde kommunen ut tankbilar med vatn for å fylle på drikkevassbassenget på Husøya. For innbyggarane betyr det at dei får levert vatn til husa sine som vanleg.
Med veret som er i vente, kan ferja bli innstilt i helga, men med 25.000 liter vatn frå dei to tankbilane som køyrer ut fredag fredag, skal dette vere nok vatn til innbyggarane for dei neste par dagane. Vi har difor ikkje planar om å køyre ut meir vatn i helga utan at vi oppdagar at det er behov for det.
Informasjon og spørsmål
Vi har sendt ut SMS til dei som bur på øyane, og vil også legge ut oppdatert informasjon framover på kommunen si heimeside og på Facebook. Har du spørsmål eller vanskar som gjeld vatn, så kan du ringe vakttelefonen til Vatn og avløp: 95 16 20 00. Den er døgnbemanna.
Vidare arbeid
Vi har hatt problem med vassleidninga til Ona/Husøya over litt tid. Det har ikkje vore forhold til at dykkarar har kunne sjekka kva som er gale. Når vi oppdaga at det minka på vatnet i høgdebassenget, vart det gjort omkoplingar slik at ein fekk opp kapasiteten igjen. Dessverre vart det nyleg oppdaga meir lekkasje, og så snart det vert forhold til det, vil leidninga bli inspisert av dykkarar og anlegget ettergått. Då får vi oversikt slik at vi veit meir om kva som må gjerast og kor raskt det kan bli ordna.