Borgundfjordstien opnar igjen

Borgundfjordstien ved Åse reinseanlegg har vore stengt ein periode, men opnar igjen til laurdag 21. juni. 

byggegjerde med informasjonsbanner - Klikk for stort bilete

I samband med bygging av Kongshaugen reinseanlegg blir det bygd ny pumpestasjon ved Åse reinseanlegg.

I oppstartsfasen måtte ein stenge Borgundfjordstien for nokre veker. No er det første anleggsarbeidet med sprenging over, og stien opnar igjen. Siste opprydding og flytting av bygg-gjerde skjer i løpet av torsdag og fredag slik at stien skal kunne brukast frå laurdag.

Open til hausten 2026

Planen vidare er at stien skal vere open fram til hausten 2026 når ein skal krysse fjordstien med grøft og rør som skal ut i sjøen.

Fram til det, kan det skje at stien må stengast på grunn av kraning, men det vil bli heilt tidsavgrensa periodar.