Ålesund-skulane står fritt til å flagge med regnbogeflagget

Ålesund kommunestyre har vedtatt at skulane kan flagge med regnbogeflagget om dei vil. I tillegg kan tenestehusa på Steinshamn, Skodje og Ørskog få løyve til å gjere det same. 

Skulane i Ålesund ønskte felles retningslinjer for flagging med regnbogeflagget under Ålesund Pride. Etter ønske frå rektorane bestemte administrasjonen at det ikkje skulle flaggast på skulane medan kommunen ville markere Pride og heise regnbogeflagget på offentlege flaggstenger på rådhusplassen, Kiperviktorget og Hellebroa.

Desse retningslinjene utløyste store diskusjonar både lokalt og nasjonalt, og det vart bestemt at saka skulle behandlast politisk.

Torsdag vedtok Ålesund kommunestyre at det er opp til den enkelte skule i kommunen å bestemme om det skal flaggast med regnbogeflagget. 

Eit forslag frå KrF om å halde fast på felles retningslinjer om å ikkje flagge fekk berre KrF sine stemmer. Heller ikkje forslaget frå Ap, MDG, Rødt og SV om å pålegge skulane å heise regnbogeflagget fekk fleirtal. Dermed sto ein igjen med forslaget frå formannskapet, og 45 av 47 kommunestyrerepresentantar stemte for at det er opp til den enkelte skule om dei vil flagge med regnbogeflagget eller ikkje. 

I tillegg fekk Venstre fleirtal for forslaget om å opna for og tillate flagging ved tenestehusa i Steinshamn, Skodje og Ørskog.  

Ein by for alle

Ålesund Pride startar allereie søndag og ordførar Håkon Lykkebø Strand seier han er glad for at kommunen har fått på plass eit vedtak og ei avklaring før det.

Vi har og ønsker å ha ein by og ein kommune med plass til alle. Det var aldri nokon tvil om at kommunen skulle markere Pride med å heise regnbogeflagget fleire stader i byen. Når vi no også har hatt ein politisk diskusjon og fått eit vedtak, så ønsker vi lykke til og ser fram til at Ålesund Pride skal bli ei god markering av mangfald og inkludering.

Lykkebø Strand seier også at diskusjonen som har vore no viser at flagg og flagging er eit sterkt symbol som involverer mykje følelsar.

-    Difor er det bra å å få ein full gjennomgang av eit flaggreglement til hausten. Då får vi sett på heilheita og får overordna retningslinjer slik at vi slepp å ta dette frå sak til sak.