Ålesund kommune har dei siste åra satsa sterkt på å fremme berekraftige løysingar og regionens handtering av avfall der restavfallet blir utnytta til fjernvarme i byen, er ein viktig del av dette. Dette fortel ordførar Eva Vinje Aurdal om i filmen som no representerer Ålesund på det europeiske fjernvarmekartet.
Det europeiske fjernvarmekartet er etablert av Euroheat and Power, eit nettverk for europeiske bedrifter i fjernvarmebransjen, forskarar og beslutningstakarar. Hensikta er å lære av kvarandre og på den måten fremme effektiv energibruk og berekraftige løysingar for oppvarming og kjøling i Europa.
Ålesund har vore fjernvarmeby i fleire tiår, og det blir jobba kontinuerleg med vidareutvikling både av energigjenvinningsanlegget og fjernvarmenettet. Dagleg leiar i Tafjord Kraftvarme, Irene Vik, påpeikar at det i dette arbeidet er nyttig å lære av det som blir gjort i andre fjernvarmebyar, men at dei også har noko å lære bort til andre.
- Fjernvarme er ei løysing for byar og på det europeiske fjernvarmekartet finn vi eit mangfald av ulike måtar å utnytte den på. Felles for alle er at samtlege bidreg til fleksible energiløysingar – og til meir berekraftige byar. Her i Ålesund blir fjernvarme brukt både til oppvarming og kjøling av bygg, i industriprosessar og til varmt vatn i springen. Fjernvarmen blir også nytta til snøsmelting i bygater og på fotballbaner, noko som gjer at vi slepp å bruke maskiner for å fjerne snøen, seier ho.
Det som gjer energigjenvinningsanlegget i Ålesund spesielt i forhold til dei fleste andre anlegga i Europa, er at restavfallet blir utnytta både til produksjon av fjernvarme og til straum. Dette bidreg til stor energiutnytting. Ved anlegget er det også ein akkumulatortank der det blir lagra 7000 m3 varmt vatn som blir brukt i fjernvarmenettet ved behov. Dette er Norges største «termos» som inneheld energi tilsvarande heile 23 000 Tesla Powerwalls-batteri.
- Vi utnyttar ressursar som elles ville gått tapt. Restavfallet blir brukt til noko nyttig i byen vår, og det er vi stolte over å kunne bidra til. Det synest vi også at resten av Europa skal få vite om, seier Vik.
Det europeiske fjernvarmekartet finn du her: https://dhcities.eu
Filmen som presenterer Ålesund og vår løysing, finn du her: https://dhcities.eu/?location=Ålesund