Kommunenettverket I front bidrar til å utvikle klimatilpassingsarbeidet i Norge gjennom å vere ein arena for å utvikle kunnsap og heve kompetanse. Kommunane lærer om dagens klima, korleis klimaet vil bli endra framover og kva for konsekvensar det har på lokalsamfunnet - og kva for tiltak kommunane bør setje i verk.
Ålesund blei brukt som eksempel i – og er ein stor del av, ein analyse av korleis klimarisiko vil påverke kommunane (PDF, 4 MB).
Det er Miljødirektoratet som koordinerer nettverket der desse bykommunane er med: Bergen, Bodø, Bærum, Fredrikstad, Hamar, Kristiansand, Oslo, Porsgrunn, Skien, Stavanger, Trondheim, Tromsø og Ålesund.
Sjekk direktoratet si side:
Storbynettverket I front
Nettverkskommunane skal i samarbeid gjennomføre prosjekt knytt til utvalde tema eller problemstillingar innan klimatilpassing. Miljødirektoratet vil der det er ønskeleg og relevant, legge til rette for samarbeid med statlege styresmakter, regional forvalting, andre kommunar og aktuelle private eller offentlege aktørar i prosjektarbeidet.
Kommunane er i førstelinja når det gjeld møte med klimaendringar. Målet er at aktivitetane i nettverket og eksempel og erfaringar frå nettverkskommunane skal bidra til å styrke klimatilpassingsarbeidet i norske kommunar. Resultat og erfaringar frå arbeidet vil bli brukt i utviklinga av det nasjonale klimatilpassingarbeidet.