Ålesund kommune med ny grafisk profil  

Frå 26. august startar Ålesund kommune å rulle ut sin nye grafiske profil og vi vil bli enda meir synleg.  Nye avisannonser, nye kommunevåpen i digitale kanalar, nye visittkort og nytt konsept. 

To kvinner og ein mann i ein sofa. - Klikk for stort bileteArbeidsgruppa for ny grafisk profil, frå venstre kommunikasjonssjef Christine Rørvik, grafisk designarar Christina Rasch Haugen og Jan Ove Engeseth Ålesund kommune  
Kommunen har sidan 2021 arbeida internt med utvikling av ny grafisk profil. Ei arbeidsgruppe beståande av grafisk designar Christina Rasch Haugen, grafisk designar Jan Ove Engeseth og kommunikasjonssjef Christine Rørvik har jobba tett med prosjektet.  Det er Christina Rasch Haugen som har vore ansvarleg grafisk designar for utviklinga av konsept og ny profil. 


I juni 2022 blei ny grafisk profil vedtatt av kommunestyret. Og frå august 2022 startar vi å implementere den ut i organisasjonen. Om kort tid vil tilsette finne nye PowerPointmalar til bruk. Skal ein bestille ein trykksak som brosjyre eller en roll-up ser desse no både fargerike og flotte ut. Spesielt i digitale kanalar vil kommunen vere meir einskapleg: 


Kommunikasjonssjef Christine Rørvik Ålesund kommune   -    Kommunen skal vere ein tydeleg og einskapleg avsendar i kommunikasjonen sin. Vår felles grafiske profil skal styrke Ålesund kommune som éin aktør. Innbyggarane skal ikkje vere i tvil om at det er kommunen som står bak ei teneste, eit tilbod eller ei oppleving, seier kommunikasjonssjef Christine Rørvik. 
 

Det skal vere éin felles grafisk profil i alle våre trykte og digitale flater. Den gjeld i alt frå kontormateriell, brosjyrar og annonsar til nettsider, skilt, bilar og arbeidstøy.

Introduksjon til den nye profilen  

 

Ikon, ikonlinje og former

Ålesund kommune sin grafiske profil har som mål å profilere kommunen som ein attraktiv, sprek og moderne kommune, samtidig som den òg fortel historia om kven vi er, og kvar vi kjem frå. Profilelementa gjenspeilar verdiane våre; Open, modig og engasjert. 

Dei tre ikona våre representerer tre stader og objekt som finst i kommunen vår, og dei representerer òg verdiane våre. Vi har laga ei ikonlinje som består av desse og andre ikon som vi meiner representerer Ålesund som ein heilskap. Les meir i den nye grafiske profilen som du finn i vårt bildearkiv. 

Former i profilen

Den grafiske profilen til kommunen baserer seg rundt dei geometriske formene som bygger desse tre ikona. Når ein plukkar frå kvarandre ikona sit ein igjen med ei rekke former som kan brukast i ei mengde forskjellige kombinasjonar. 

- Fargar er ein viktig del av identiteten til Ålesund kommune, og til den nye profilen har vi valt fargar frå rundt om i kommunen vår, og det vil bidra til ein svært fargerik profil, seier grafikar Christina Rasch Haugen. 
 

Ein konsekvent bruk av fargar hjelper til å etablere relasjonar mellom kjensler og eigenskapar, opplevingar, verksemder og menneske. Framfor alt bidrar fargar til å styrke ein identitet.
 

Digitalt kommunevåpen
Utdrag frå ny grafisk profil - Klikk for stort bileteDigitalt kommunevåpen Ålesund kommune  

Den digitale varianten av kommunevåpenet vart utvikla av ElleMelle AS på bestilling frå Ålesund kommune i 2020. Oppdraget gjekk ut på å utvikle ein digital variant av kommunevåpenet som eignar seg betre til digitale løysingar. 


-    Det originale kommunevåpenet består av mange tynne linjer og tre forskjellige fargar, desse blør lett saman når kommunevåpenet blir vist i liten størrelse, seier kommunikasjonssjef Christine Rørvik. 


ElleMelle AS utvikla ein forenkla variant med tjukkare linjer som betre toler å bli skalert ned, og som berre har ein farge, noko som hjelper med lesbarheit. Det digitale kommunevåpenet består av dei same historiske elementa som det originale, ein fiskebåt på sjøen, fiskarar og tre torsk. Det har same skjoldform og ei forenkla krone med tre tårn. Varianten kjem i svart, kvitt og i den same raudfargen som originalvåpenet

Digitalt kommunevåpen ut på Facebook! 

Framover vil dei kommunale verksemdene som er på Facebook og Instagram bytte ut profilbildet sitt til det nye digitale kommunevåpenet til kommunen.  
 

Bildearkiv og grafisk profil hand i hand

Samtidig som implementeringa av ny grafisk profil blir også ny bildebank for tilsette lansert 1. september. Her har vi og ein ekstern variant som blir tilgjengeleg der media og andre kan finne portrettfoto av til dømes ordførar eller kommunevåpen som ein treng til eit samarbeidsprosjekt.

Sjå kommunevåpen og grafisk profil

I vårt nye bildearkiv finn du heile profilhandboka og logoar for nedlasting.