22. mars er Verdas vanndag og Bypatrioten var på besøk på vassbehandlingsanlegget ved Brusdalsvatnet der dei kvar dag
- leverer 30 millionar liter reint, drikkevatn til folk og næringsliv.
- bruker 50 kilo salt til klorproduksjon.
- gir nesten halvparten av innbyggarane på Sunnmøre reint, trygt og godt drikkevatn.
Visste du forresten at kvar månad kjem det 238 tonn med marmor til vassbehandlingsanlegget? Marmor som blir spist opp av vatnet slik at nesten månad trengst det nye lastebillass med den kvite steinen?
Ålesund kommune har dyktige folk og ein god “fabrikk” for å produsere vatn, men den enklaste og billegaste måten å drive vassbehandling på, er å ta vare på råvasskjelda.
Heile artikkelen i Bypatrioten kan du lese her.
Store rør må til i vassbehandlingsanlegget for å produsere 30 millionar liter reint vatn i døgnet.