I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av planarbeid for detaljregulering av industriområde i Drevika, gbnr. 123/6 (PlanID 2026006948).
For området gjeld reguleringsplanen «Reg.plan for Drevika, Skarbøvika. Omregulering frå industri til bustad, gnr. 123, bnr. 6 plan».
Føremålet med planarbeidet er å omregulere området frå bustad til industri, og å leggje til rette for vidareføring og formalisering av eksisterande industriverksemd.
Eigedomen har tidlegare vore regulert til industri, men er i gjeldande reguleringsplan regulert til bustad.
Bryggen Marina AS er forslagsstillar, og Plot Arkitekter er fagkyndig reguleringsarkitekt.
Planarbeidet er vurdert etter forskrift om konsekvensutgreiingar, og er ikkje vurdert å vere omfatta av krav om konsekvensutgreiing.
Planområdet markert med raudt på oversiktskartetDOKUMENT FOR NEDLASTING (PDF)
Eventuelle innspel til planarbeidet skal vere skriftlege og kan sendast slik :
Merk sendinga «Detaljregulering for Katnesvegen».
Frist for innspel: 18.09.2026
Ansvarleg for kunngjeringa: Verksemd for plan og bygning