Etter Plan- og bygningsloven § 12-8 og § 12-15 blir det varsla oppstart av felles detaljregulering og behandling av byggjesøknad for gbnr. 200/390 & 200/392 i Ålesund kommune.
Avgrensing av planområdet er vist i figur under. Området ligg på Aspøya og er i dag uregulert på detaljnivå. I kommunedelplanen sin arealdel 2016-2028, er området avsett til sentrumsformål.
Formålet med planen er å utvikle bustader og næringsverksemd i tråd med kommunedelplanen. Ei viktig målsetjing for planarbeidet er å leggje til rette for byreparasjon som styrkjer heilskapen og verdien av kulturmiljøet i området. I samråd med kommunen er det vurdert at planen ikkje fell inn under §2 eller §3 i Forskrift om konsekvensutgreiingar.
Planområdet markert med svart sirkel på oversiktskartet
DOKUMENT FOR NEDLASTING (PDF)
Eventuelle innspel til planarbeidet skal vere skriftlege og kan sendast slik :
- Med post til Kibsgaard-Petersen AS, Grimmergata 2, 6002 Ålesund
- På e-post til firmapost@k-p.no
Emnet i e-posten skal innehalde «innspel detaljreguleringsplan Nedre Strandgate 41».
Frist for innspel: 17.12.2024
Ansvarleg for kunngjeringa: Verksemd for plan og geodata