Varsel om oppstart - Detaljregulering for Volsdalen, Borgundvegen – gbnr. 133/458 mfl.

Ny frist for innspel:  31.01.2026

Med heimel i Plan- og bygningslova § 12-8 varslar Møre og Romsdal fylkeskommune oppstart av detaljregulering for Volsdalen, Borgundvegen – gbnr. 133/458 mfl.

Føremålet med planen er å utarbeide ein reguleringsplan for ei sikker sykkelløysing langs Borgundvegen, som ein del av ein sykkeltrasé mellom Ålesund sentrum og Campus Ålesund. Prosjektet vil gi gode vilkår for sykkelpendlarar, studentar, skuleelevar og innbyggarane elles.

Bygginga av ny sykkelveg i Volsdalen er rekna som eit av dei viktigaste tiltaka for syklande i Bypakke Ålesund. Planområdet strekk seg langs Borgundvegen, frå krysset med Fjellgata i vest til Hellandsbakken i aust.

Det er vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutredning i henhald til pbl. § 4‐2 og forskrift om konsekvensutredninger.
 

Planområdet markert med raudt på oversiktskartet. Kartutsnitt: Ålesund kommune

DOKUMENT FOR NEDLASTING (PDF)

Folkemøte
Det planlagde folkemøtet blir avlyst på grunn av behov for fleire avklaringar i prosjektet.

Det vil bli invitert til folkemøte på eit seinare tidspunkt.  Invitasjon blir send ut når nytt tidspunkt er fastsett. 
Vi beklagar eventuelle ulemper dette medfører.

Eventuelle innspel til planarbeidet skal vere skriftlege og kan sendast slik :

  • Med post til Møre og Romsdal fylkeskommune, Julsundvegen 9, 6412 Molde
  • På e-post til post@mrfylke.no


Ny frist for innspel:  31.01.2026

Ansvarleg for kunngjeringa:  Verksemd for plan og bygning