I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av planarbeid for detaljregulering av detaljregulering for Emblem sentrum – gbnr. 6/7, 8, 32, 35, 70 (PlanID 2025018196).
Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for sentrumsfunksjonar og bustader i tråd med kommunedelplan for Ålesund 2016-2028. Området er i nemnde kommunedelplan utpeika som nærsenter for Emblem.
Innanfor området avsett til sentrumsformål ønskjer ein kombinasjon av næring, bustader og daglegvarehandel. Innanfor bustadområda vil ein leggje til rette for konsentrert og frittliggjande småhusbusetnad.
Plangrensa er vist i kartutsnitt. Mindre justeringar i plangrensa kan komme som følgje av innspel til planarbeidet. Planarbeidet er vurdert i samsvar med forskrift om konsekvensutgreiingar (KU), og er vurdert til ikkje å vere KU-pliktig i samråd med Ålesund kommune.
Til informasjon er planområdet underlagt areal med områdeplankrav i gjeldande kommunedelplan. Oppmoding om oppstart av planarbeid er derfor behandla i planutvalet i sak 012/26, det det vart vedteke oppstart av planarbeidet.
Oppstartsmøte vart gjennomført med kommunen 03.03.2026.

DOKUMENT FOR NEDLASTING (PDF)
Eventuelle innspel til planarbeidet skal vere skriftlege og kan sendast slik :
- Med post til proeSS AS, Nybøbakken 2, 6011 Ålesund
- På e-post til post@proess.no
Frist for innspel: 16.10.2026
Ansvarleg for kunngjeringa: Verksemd for plan og bygning