Med heimel i plan- og bygningslova §12-3 og 12-8 varslast det oppstart av privat detaljregulering av del av Flisnes Næringspark i Ålesund kommune. Detaljreguleringa gjeld i hovudsak gbnr. 13/296 og 13/508, men også gbnr. 13/2, 13/184, 13/249, 13/253, 13/340, 13/357, 13/379, 13/443, 13/445 og 13/510 ligg delvis innafor planavgrensinga.
Tiltakshavar er Flisnes Næringspark AS, og plankonsulent er Skalér AS. Oppstartsmøtet vart holt 6. desember 2024.
Formålet med detaljreguleringa er å leggje til rette for bygging av nytt forretningsbygg. Eigedommane det skal byggast på er regulert til forretning, kontor og tenesteyting. Reguleringsformåla skal vidareførast i detaljreguleringa.
Det er vurdert at planarbeidet ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing etter pbl. § 4-2 og forskrift om konsekvensutgreiingar.
Planområdet markert med raudt på oversiktskartet. Kartutsnitt: Ålesund kommune
DOKUMENT FOR NEDLASTING (PDF)
Eventuelle innspel til planarbeidet skal vere skriftlege og kan sendast slik :
- Med post til Skalér Arkitektkontor, Borgundvegen 691, 6017 Ålesund.
- På e-post til post@skaler.no
Frist for innspel: 26.10.2025
Ansvarleg for kunngjeringa: Verksemd for plan og bygning