Offentleg ettersyn - Detaljregulering for næringsareal nord på Kverve, Sandvikane

Høyringsperioden er 29.09. - 11.11.2026

Planutvalet vedtok 08.09.2026, med heimel i plan- og bygningslova (pbl.) § 12-10, å legge forslag til detaljregulering med konsekvensutredning for næringsareal nord på Kverve, Sandvikane (PlanID 2023007909) ut til offentleg ettersyn.

Formålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for eit nytt større sjønært næringsområde nord på Kverve på Ellingsøya, med tilhøyrande kaiareal, sjøareal, tilkommeveg, teknisk infrastruktur, grønstruktur, natur- og friluftsformål og omsynssoner.

Planforslaget opnar fór om lag 290 daa næringsareal, i hovudsak for sjørelaterte verksemder, og legg opp til utbygging i to byggjetrinn.

Planområdet ligg i Sandvikane på nordsida av Kverve på Ellingsøya. Området grenser mot sjøen og skipsleia i nord, bustadfeltet Hovlia i aust, friluftsområdet Kverveneset og planlagt bustadområde Kverve-Hoffland i vest/sørvest, og Kverveaksla i sør

Planforslaget med konsekvensutredning blir sende på høring med to alternative plankart.

Plankart med tilkommeveg frå vestPlankart med tilkommeveg frå aust

Forslag til detaljregulering er tilgjengeleg i kartportalen til Ålesund kommune, ISY GIS:

Ope informasjonsmøte

Ålesund kommune inviterer, saman med forslagstillar, til ope informasjonsmøte i samband med offentleg ettersyn og høyring av forslag til detaljregulering for næringsareal nord på Kverve, Sandvikane.

Tid: 20. oktober 2026 kl. 18.00–20.00
Stad: Gymsalen, Ellingsøy barne- og ungdomsskule

Forslagsstiller og plankonsulent vil presentere planforslaget, medan Ålesund kommune deltek som planstyresmakt og orienterer om høyringa og vidare behandling.
 

Dokument i saka 

Saksdokument i pdf-format:

Vidare saksgang
Sender du inn merknad, får du ikkje eige svarbrev. Merknaden blir kort referert og kommentert i saksframlegget når saka blir lagd fram for planutvalet til 2. gongs behandling, og eventuelt sendt vidare til kommunestyret for sluttbehandling. Melding om vedteken reguleringsplan blir kunngjord, og alle partar saka vedkjem, inkludert dei som har sendt inn merknader, får skriftleg melding.

Send merknadar til høyringa

Merknadar kan sendast skriftleg til Ålesund kommune på ein av følgjande måtar:
(Tittelen på merknadar skal merkes med  23/7909)


Høyringsfrist:   29.09. - 11.11.2026

Ansvarleg for kunngjeringa:  Verksemd for plan og bygning