Offentleg ettersyn - detaljregulering for Lerstadvegen, gbnr. 38/352 m.fl. – Lerstad nærsenter

Høyringsperioden er  04.07. – 05.09.2025

Ålesund planutval har i møte 24.06.2025 vedtatt å legge følgjande plan ut til offentleg ettersyn:

  • Detaljregulering for Lerstadvegen, gbnr. 38/352 mfl. Lerstad nærsenter

Formålet med planen er å leggje til rette for utviklinga av to nye næringsbygg på Lerstad i Ålesund kommune. Bygga skal plasserast vest og søraust for det eksisterande bygget som husar Meny-butikken og NorEngros. Bygget mot vest blir planlagt å vere fem etasjar høgt, medan bygget mot aust blir tenkt tre etasjar høgt. 

Parkeringa blir lagd i hovudsak under bakkenivå. Det vil bli etablert eit meir oversiktleg system for interntrafikk på området. Planforslaget legg til rette for at området vil bli tilknytt nye gang- sykkelveg som følgjer Ålesundsvegen saman med Lerstadvegen i nord-sør retning, som gir ein utvida gang- og sykkelsamband til sjølve planområdet.

Planområdet markert med raudt på oversiktskartet

 

Dokument i saka 

Saksdokument i pdf-format:

​​Naboar og andre aktuelle partar blir underretta i eige brev. 

Send merknadar til høyringa

Merknadar kan sendast skriftleg til Ålesund kommune på ein av følgjande måtar:


Høyringsfrist:  05.09.2025

Ansvarleg for kunngjeringa:  Verksemd for plan og geodata