Ålesund planutval vedtok 17.09.2024 med heimel i plan- og bygningslova (pbl) § 12-10 å legge følgjande forslag til detaljregulering ut til offentleg ettersyn:
- Brosundtunnelen – Tunnelinnslag på Ysteneset – gbnr. 201/883 mfl
Målet med planarbeidet er å sikra at nødvendig areal som skal nyttast til dagsone for Brosundtunnelen med tilhøyrande vegformål, ikkje blir bygd ned, eller på annan måte nytta slik at ei seinare gjennomføring av tunnelprosjektet blir gjort vanskeleg.
Planforslaget skal også betre tilgjengelegheita og legge til rette for mjuke trafikantar i området gjennom å etablere fortau på begge sider av Sundgata, og gang- og sykkelveg langs innfartsvegen.
Planområdet markert med grønt på oversiktskartet
Dokument i saka
Lenke til saksdokument:
Naboar og andre aktuelle partar blir underretta i eige brev.
Ope informasjonsmøte
I samband med offentleg ettersyn inviterer vi til ope informasjonsmøte om planen i Bystyresalen, 4. etasje på Ålesund Rådhus onsdag 13. november 2024 kl. 18.00 – 20.00. Alle interesserte er velkomne.
Vidare saksgang
Sender du inn merknad, får du ikkje eige svarbrev tilbake. Merknaden blir kort referert og kommentert i saksframlegget når saka blir lagt fram for utvalet til 2. gongs behandling og eventuelt sendt over til kommunestyret ved sluttbehandling. Melding om vedteken reguleringsplan blir annonsert og alle partar saka vedkjem, inklusivt dei som har sendt inn merknader, får skriftleg melding.
Send merknader til høyring
Merknader kan sendast skriftleg til Ålesund kommune innan 31.12.2024 på ein av følgjande måter:
Høyringsfrist: 31.12.2024
Ansvarleg for kunngjeringa: Verksemd for plan og bygning