Planutvalet fastsette i møte 27.10.2026, sak 167/26, planprogram for detaljregulering for Flatholmen aust med følgjande tillegg:
«Det skal greiast ut om betre arealutnytting innanfor eksisterande hamne- og næringsområde, trinnvis utbygging eller andre løysingar kan redusere det samla naturinngrepet.»
Tillegget er innarbeidd i vedlagde planprogram, som er oppdatert 06.11.2026 i samsvar med vedtaket.
Planprogrammet set rammene for det vidare reguleringsarbeidet og dannar grunnlag for konsekvensutgreiinga. Fastsetjinga inneber ikkje at reguleringsplanen eller utbygginga er godkjend.
Oversiktskart, planområdet markert med stipla linjeDokument i saka
Saksdokument i pdf-format:
Fastsetjinga blir kunngjord ved brev til relevante styresmakter og dei som har hatt merknader under høyring av planprogrammet.
Vedtak om fastsetting av planprogram er eit prosessleiande vedtak og ikkje eit enkeltvedtak. Det kan difor ikkje påklagast.
Ansvarleg for kunngjeringa: Verksemd for plan og bygning