Kunngjering av vedtak - reguleringsendring av reguleringsplan for Alvika massedeponi

Klagefrist:  17.07.2026

Ålesund kommune har 24.06.2026 gjort administrativt vedtak om endring av reguleringsplan for Alvika massedeponi.

Vedtaket er gjort etter forenkla prosess i medhald av plan- og bygningslova § 12-14.

Planendringa er ei justering av vedtekne reguleringsplanar for Alvika massedeponi (PlanID 2023006957) og Hovdeland – Alvik utviding av masseuttak i Bingsa (PlanID 2017003987), for å sikre tilstrekkeleg areal til utviding av fv. 5946 Alvikvegen til to køyrefelt.

Utviding av fylkesvegen er eit rekkjefølgjekrav i reguleringsplanen for Alvika massedeponi. I samband med gjennomføringa vart det avdekt at regulert areal i gjeldande plan ikkje var tilstrekkeleg.

Endringa inneber at areal regulert til annan veggrunn og grøntstruktur – vegetasjonsskjerm sør for fylkesvegen i tilgrensande reguleringsplan for utviding av Bingsa masseuttak, blir endra til vegformål med sideareal.

Endringer er markert med blå sirkel på oversiktskartet

Dokument i saka 

Lenke til saksdokument i pdf-format: 

Lenke til kart/plandialog i ISY Map



Naboar og andre aktuelle partar blir underretta i eige brev. 


Klage
Du kan klage på dette planvedtaket til Statsforvaltaren innan tre veker etter at dette varselet er kunngjort.
 

Eventuell klage kan sendast slik:


Klagefrist: 17.07.2026

Ansvarleg for kunngjeringa:  Verksemd for plan og bygning