Kunngjering av vedtak – endring av reguleringsplan for Østre Olsvikveg

Klagefrist: 17.10.2026

Ålesund kommune har gjort delegert vedtak om å godkjenne endring av detaljregulering for Østre Olsvikveg - gbnr. 34/383 med hjemmel i plan- og bygningsloven § 12-14.

Ein ny oppdatert flaumberekning viser reduserte flaumsoner på sørleg side av Olsvikbekken. På bakgrunn av dette kan ein utvide regulert formål for bustad mot Olsvikbekken. Ein opnar for ein tomannsbustad i dette feltet, der det tidlegare kunne byggjast berre ein einebustad. Ein ny tomannsbustad får tilstrekkeleg mengd uteopphaldsareal og regulert leikeareal er framleis i tråd med krava i kommunedelplanen.

Planendringa er behandla etter forenkla prosess i medhald av plan- og bygningsloven § 12-14. Endringa er av avgrensa omfang og går ikkje utover hovudrammene i gjeldande reguleringsplan. Kommunen vurderer også at endringa ikkje berører omsynet til viktige natur- og friluftsområde i for stor grad.

Avgrensing av planområdet, synt med blå stipla linje

Dokument i saka 

Saksdokument i pdf-format:

Naboar og andre aktuelle partar blir underretta i eige brev.

Vedtak om eigengodkjenning er eit enkeltvedtak som kan påklagast, jf. pbl. § 1-9.

Krav om innløysing eller erstatning etter pbl. §§ 15-2 og 15-3, må vere lagt fram for kommunen seinast
tre år etter denne kunngjeringa.

Eventuell klage kan sendast slik: 

Klagefrist:  17.10.2026

Ansvarleg for kunngjeringa:  Verksemd for plan og bygning