Ålesund kommune har gjort delegert vedtak om å godkjenne endring av reguleringsplan for Gåseid–Lerstad, for Lerstadvegen – gnr./bnr. 38/3, jf. plan- og bygningslova § 12-14.
Endringa gjeld ei mindre justering av regulert køyreveg o_SVK40. Vegen blir forskoven inntil 1,3 meter mot vest for å tilpassast faktiske eigedomsforhold. Det er også gjort mindre justeringar i plankartet knytte til avkøyrsle og byggjegrense. Reguleringsføresegnene blir ikkje endra.
Planendringa er behandla etter forenkla planprosess i medhald av plan- og bygningslova § 12-14, fordi kommunen har vurdert at vilkåra for mindre endring er oppfylte. Endringa er av avgrensa omfang, går ikkje utover hovudrammene i gjeldande reguleringsplan, påverkar i liten grad gjennomføringa av planen elles, og rører ikkje ved omsynet til viktige natur- og friluftsområde.
Oversiktskart med planområdet vist i blåttDokument i saka
Saksdokument i pdf-format:
Naboar og andre aktuelle partar blir underretta i eige brev.
Vedtak om eigengodkjenning er eit enkeltvedtak som kan påklagast, jf. pbl. § 1-9.
Krav om innløysing eller erstatning etter pbl. §§ 15-2 og 15-3, må vere lagt fram for kommunen seinast
tre år etter denne kunngjeringa.
Eventuell klage kan sendast slik:
Klagefrist: 13.10.2026
Ansvarleg for kunngjeringa: Verksemd for plan og bygning