Melding om vedtak - fastsetting av planprogram for detaljregulering for Alvika næringspark, gbnr. 33/1 m.fl.

Vedtak om fastsetting av planprogram er eit prosessleiande vedtak og ikkje eit enkeltvedtak. Det kan difor ikkje påklagast.

Planutvalet har i møte 03.02.2026 (sak 11/26) fastsette planprogram for Alvika næringspark med følgjande ordlyd:

«Planutvalet fastset med heimel i plan- og bygningslova §§ 4-1 og 12-9 planprogram i samband med detaljregulering for Alvika næringspark, datert 03.11.2025.

Planutvalet fastset planprogrammet under føresetnad av at konsekvensutgreiinga inkluderer:

– minst eitt reelt lokaliseringsalternativ innanfor allereie avsette næringsareal i regionen,

– ei samla vurdering av tap av dyrka mark opp mot nasjonale og regionale jordvernsmål,

– ein naturrekneskap som synleggjer samla tap av naturverdiar,

– vurdering av klimagassutslepp knytte til arealendring og transport i eit livsløpsperspektiv.

Planutvalet understrekar at flytting av matjord ikkje åleine kan reknast som tilstrekkelegmildnande tiltak for tap av dyrka mark.»

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for etablering av ein næringspark i Alvika og planprogrammet set rammene for vidare regulering, og dannar grunnlaget for konsekvensutgreiingane.

Planområdet markert med raudt på oversiktskartet

Dokument i saka 

Saksdokument i pdf-format:


Fastsetjinga blir kunngjord ved brev til relevante styresmakter og dei som har hatt merknader under høyring av planprogrammet.

Vedtak om fastsetting av planprogram er eit prosessleiande vedtak og ikkje eit enkeltvedtak. Det kan difor ikkje påklagast.
 

Ansvarleg for kunngjeringa:  Verksemd for plan og bygning