Melding om planvedtak - reguleringsendring for Nihusvegen gbnr. 523/248 - Storbakken

Klagefrist:  20.03.2026

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-14 har Ålesund kommune vedtatt ei reguleringsendring for Nihusvegen gbnr. 523/248 - Storbakken. 

Endringane gjelder både justeringar i plankartet og i reguleringsføresegnene.  Dei viktigaste endringane er:

  • Antal bustadblokker er redusert frå tre til to, der samla antal bueiningar er redusert frå 44 til 40. Dette gir større avstand mellom bygga og skal bidra til betre bukvalitet.
     
  • Leikeplassen f_BLK1 er flytta frå vestsida av planområdet til eit meir sentralt område mellom blokkene. I tillegg vert det regulert ein ny naturleikeplass (f_BLK5) lengst sør i planområdet.
     
  • Tilkomstveg f_SKV1 er flytta noko for å tilpassast ny plassering av bygga. Det er også lagt til rette for midlertidig anleggstilkomst under byggeperioden, som skal fjernast når utbygginga er ferdig.
     
  • Det er regulert inn to avkøyrsler for BBB i sør, med krav til utforming og frisikt.
     
  • Trasé for regulert gangveg o_SGS er justert slik at han vert knytt til eksisterande veg Elvavegen, i staden for å krysse bekken på eit teknisk krevjande sted. Vestleg ende av gangvegen er regulert til snuplass/vendehammar for Elvavegen.
     
  • I tillegg er det lagt inn eit rekkefølgjekrav som gjeld kapasitet for vatn og avløp for å ivareta kapasitet og reinsekrav i forureiningsforskrifta.
     
  • Omsynssone H310 for skred er justert i tråd med nyaste skredfarekartlegging, og reguleringsføresegna er oppdatert for å sikre at tiltak innafor sona oppfyller tryggleikskrava etter byggteknisk forskrift.

 

Planområdet markert med raudt på oversiktskartet. Kartutsnitt: Ålesund kommune

Dokument i saka 

Lenke til saksdokument i pdf-format: 

Lenke til kart/plandialog i ISY Map



Naboar og andre aktuelle partar blir underretta i eige brev. 


Klage
Du kan klage på dette planvedtaket til Statsforvaltaren innan tre veker etter at dette varselet er kunngjort. Meir informasjon om klagerett finn du i vedtaksbrevet som ligg tilgjengeleg via lenka på denne nettsida.
 

Eventuell klage kan sendast slik:


Klagefrist: 20.03.2026

Ansvarleg for kunngjeringa:  Verksemd for plan og bygning