Høyring: Forskrift om bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Ålesund kommune

I vedtak i formannskapet 25.08.2026 legg Ålesund kommune lokal forskrift om bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort ut på høyring. Høyringsfristen er den 25. november 2026.

Ålesund kommune opnar gjennom lokal forskrift for bruk av termisk/restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i ope terreng. Jegaren skal rapportere bruk av slike verktøy i Hjorteviltregisteret. 

Grunngiving for forskriften er at det er naudsynt for å avverge alvorleg skade på natur- eller samfunnsinteresser som følge av høg hjortebestand. Termiske siktemiddel vil vere eit verktøy som gjer det lettare å ta ut dei rette dyra i henhald til forvaltningsmåla for hjort i kommunen.

Forskrifta vil gjelde for heile kommunen.

Bilde av hjort - Klikk for stort bilete Simon Åsheim

 

 

 

 

 

 

 

Forskrifta vil erstatte Midlertidig forskrift om bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort, Ålesund kommune, Møre og Romsdal (FOR-2026-08-25-1698).  

Dokument i saka

Sjå forslag til forskrift og andre dokument i saka 

Merknadar til høyringa

Spørsmål, innspel og merknadar til saka kan sendast Ålesund kommune på ein av følgande måtar - Oppgi referansenummer 26/11371

  1. Send inn merknad via eDialog
  2. Med post til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund
  3. På e-post til Postmottak@alesund.kommune.no

Merk at innspelet ditt blir offentleg tilgjengeleg. Ikkje send sensitive opplysningar.

Ansvarleg for høyringa: Landbrukskontoret

Høyringsfrist: 25. november 2026