Forslag til reguleringsendring etter plan- og bygningslova §12-14 for Lerstadvegen - gbnr. 38/3

Høyringsperioden er 19.05. - 09.06.2026

Forslag til endring av reguleringsplan for Gåseid-Lerstad er sendt til berørte grunneigarar og myndigheiter på avgrensa høyring. Høyringsfristen er sett til 4. juni (3 veker). Planforslaget blir behandla etter forenkla prosess etter plan- og bygningslova § 12-14.

Endringa er ei justering av o_SVK40 i vedteken reguleringsplan for Gåseid-Lerstad (PLANID: 1508 15042012001969). Endringa skal sikre at vegen kan etablerast i tråd med gjeldande reguleringsplan utan behov for inngrep på tilgrensande eigedomar.

Opparbeiding av o_SVK40 er eit rekkjefølgjekrav i planen. I samband med utbygging i planarbeidet er det oppdaga at det vil vere føremålstenleg å flytte vegtraséen noko vestover.

Planendringa inneber at køyrevegen o_SKV40 blir justert noko vestover og tilpassa eksisterande eigedomsgrenser for å kunne byggjast utan inngrep på naboeigedomar. Samstundes blir mellom anna frisiktsoner, byggegrenser, tomteinndeling og avkøyrsler oppdaterte, og enkelte tekniske element kan måtte flyttast. Dette er nærare skildra i vedlagt plandokument.

Oversiktskart med planområdet vist i blått

Dokument i saka 

Saksdokument i pdf-format:

Lenke til kart/plandialog i ISY Map



Plankonsulent har allereie sendt planendringa på høyring til Statsforvaltaren, fylkeskommunen og enkelte naboar/gjenbuarar, utan at det kom merknader frå Statsforvaltaren eller fylkeskommunen. Planavdelinga har likevel valt å utvide varslinga om planendringa til fleire grunneigarar i området.
 

Send merknader til høyringa

Spørsmål og merknadar til reguleringsplanarbeidet kan sendast skriftleg slik:


Høyringsfrist:  09.06.2026


Ansvarleg for kunngjeringa:  Verksemd for plan og bygning